Opna hovudmenyen

Riksmål

ei uoffisiell standardform av norsk språk
Nobelprisvinnaren Bjørnstjerne Bjørnson innførde namnet riksmål i Noreg og grunnla Riksmålsforbundet.

Riksmål er eit eldre namn på bokmål som vart innført av Bjørnstjerne Bjørnson i 1899 og nytta fram til namneskiftet i 1929. Seinare har riksmål vorte ei eiga målform skild frå bokmålet, og i dag viser riksmål til ei privat rettskriving, normert av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og fremja av Riksmålsforbundet.

OrdsogeEndra

«Riksmål» er eit omgrep innlånt frå dansk, der ordet vart bruka som omgrep for skriftspråket og det dialektfrie standardtalemålet frå slutten av 1800-talet. Opphavleg er riksmål altså eit generelt omgrep for den offisielle målforma i eit land og/eller eit språk som blir bruka som norm over alt i landet. Synonym til riksmål i denne tydinga inkluderer «bokmål» (som før 1929 kunne brukast om både «riksmål» og «landsmål», båe i motsetnad til norske dialektar), «riksspråk», «offisielt språk» og «standardspråk». Bruken av «riksmål» som eit generelt omgrep for riksspråk er forelda på norsk.[1]

Riksmål som særskilt skriftspråkEndra

Sidan 1899 har riksmål vorte bruka i Noreg som namnet på den først danske språkforma, seinare om språket til den mest danskprega fløya av skriftkulturen i landet i motsetnad til landsmål/nynorsk, og seinare (frå 1938) òg i motsetnad til delar av bokmål, såkalla samnorsk. Denne fløya er representert ved Riksmålsforbundet (stifta 1907) og har sidan 1953 blitt privat normert av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

I tida frå 1907 til 1929 var riksmål det offisielle namnet på den norske målforma som i rettskrivinga av 1907 og rettskrivinga av 1917 vart definert som eiga målform uavhengig av dansk, og som frå 1929 fekk namnet «bokmål». Rettskrivingsreformene i 1907 og 1917 gjorde at riksmålet vart skrive meir i samsvar med den dansk-norske danna daglegtala.

Kjende norske riksmålsforfattararEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. riksmål. – riksspråk i Store Norske Leksikon

ReferansarEndra


BakgrunnsstoffEndra

LitteraturEndra

  • Coward, Gorgus (1986): Riksmålsgrammatikk
  • Guttu, Tor (red.) (1994): Riksmålsordlisten, Oslo: Riksmålsforbundet, 6. utg.
  • Guttu, Tor (red.) (1999): Norsk ordbok, Oslo: Kunnskapsforlaget
  • Norsk Riksmålsordbok, utg. i 4 bd. 1937-57 med to supplementsband i 1995, Oslo: Riksmålsvernet/Det Norske Akademi (etter 1981)