Andreas Henrik Heiberg

Norsk lege og politikar

Andreas Henrik Heiberg (17. august 181529. mai 1880) var ein norsk lækjar og stortingsmann, fødd i Bergen.

Heiberg var son til ein prokurator. Sjølv tok han norsk medisinsk eksamen i 1842 og var den fyrste eksaminanden som fekk kandidatplass på Rikshospitalet i Christiania. 1843-45 var han distriktslækjar i Hadeland og Land. Frå 1846 var han busett i Moss, der han var privatlækjar til han i 1855 overtok som kommunelækjar. Til sist var han distriktslækjar der frå 1863.

Heiberg var i 10 år medlem i Moss bystyre og i 3 år forlikskommissær. Han representerte Moss og Drøbakstortinget 1857 og omframtstortinget 1858, og på stortinget 1859-60. I 1857 var han medlem i Budsjettkomiteen, 1859-60 var han sekretær i Odelstinget og i Protokollkomiteen.

Kjelder endre