Andreas Hompland (fødd 18. september 1946 i Kvinesdal) er ein norsk journalist og sosiolog.

Andreas Hompland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1946 (77 år)
Kvinesdal kommune
Yrke journalist, sosiolog, forfattar

Hompland er magister i sosiologi frå Universitetet i Oslo, der han også dreiv mykje med studentpolitikk. Avhandlinga hans heitte To-kyrs industriarbeidarar i streik. Han har vore innom sosiologisk forsking, men er meir kjend frå journalistikk og annan skriftproduksjon av til dømes kåseri og petitar.

Hompland har arbeidd i Dagbladet gjennom ei årrekkje, som sommarvikar i 1971, fast tilsett i 1975–1980, og kulturredaktør frå 1985 til 1986. I dag er han frilansjournalist for avisa. Han har også vore redaktør for tidsskriftet Plan og fagleg rådgjevar ved Senter for bygdeforskning.

Andreas Hompland har skrive fleire bøker og var i 1971 med på å stifte anarkistorganet Folkebladet.[1] Han var leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening frå 1993 til 1994 og leiar av fordelingsstyret i Kopinor frå 2002 til 2006.

Bibliografi endre

  • Ein målstrid i Bygde-Norge – skolemålsavstemning i Tuv, Levanger (1974, med Jahn-Arill Skogholt)
  • To-kyrs industriarbeidarar i streik – ein historisk-sosiologisk studie av bygdekollektivet (1975)
  • Samfunn (1981, medforfattar)
  • Sogndal e' laget! (1982)
  • Sideblikk på maktmenneske frå Alta til Bergen (1982)
  • Dynastiet Willoch – sideblikk (1983)
  • To-kyrs industriarbeidarar i streik – Trælandsfos, Kvinesdal 1925 (1984)
  • Kanskje kommer kongen – hjemme hos oss Norge rundt (1985, medforfattar)
  • Scenarier 2000 – tre framtidsbilder av Norge (1987, redaktør)
  • Dei arme små – kritisk lys på framlegget til ny kommuneinndeling (1993, medforfattar)
  • Agder og Rogaland – sett frå lufta (1993)
  • Den Nye barne- og familieboka – 20 spørsmål om familiebildene (1994, medredaktør)
  • Formativ periode – scenarier for norsk energiforsyning (1994, medredaktør)
  • Årdal – verket og bygda. 1947–1997 (1997, medredaktør)
  • Grep om samfunn (1997, medforfattar)
  • Byens veier – lokal transport- og arealpolitikk (2001)
  • I Grues tid (2009)

Prisar endre

Kjelder endre

Referansar endre