Jahn-Arill Skogholt
forfattar
Jahn-Arill Skogholt (30. desember 1943–19. april 2007) var ein norsk forfattar frå Storfjell i Vågan kommune. Han er mest kjend for visa «Bygdevisa» betre kjent som «Kor e hammaren, Edvard». Han skreiv alt frå viser og dikt til biografiar og fantasyromanar.
Jahn-Arill Skogholt | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. desember 1943 Storfjell |
Død | |
Ektefelle | Liv Marie Austrem |
Fordi eg vil bu utmed havet
«Song frå ein utkant»
Kor e hammaren, Edvard? |
Skogholt var utdanna cand.mag. med faga statsvitskap, offentleg rett og offentleg administrasjon. Han var skrivar i Noregs Mållag i 1971-1973, og arbeidde elles mellom anna som kultursekretær i Vestvågøy kommune.[1]
Han fekk Blix-prisen i 1987.
Bibliografi
endreSakprosa
endre- Ein skolemålsstrid i Bygde-Norge saman med Andreas Hompland (1974)
- Kvinnfolk i Lofoten saman med Liv Marie Austrem(1987)
- Eivind Bolle : lofotfiskar ved kongens bord (1993)
Skjønnlitteratur
endre- Kor er hammaren, Edvard? : ein distriktspolitisk pamflett (viser og songar, 1977)
- I havherrens land (roman, 1987)
- Grågud og Kvitekrist (roman, 1999)
Referansar
endre- ↑ Magnar Mikkelsen, red. (1982). «Jahn-Arill Skogholt». Ei heil vøa : nordnorsk samtidslitteratur i utvalg. Stonglandseidet: Nordnorsk magasin/Nordnorsk forfatterlag. s. 268. ISBN 8290352050.
Bakgrunnsstoff
endre- Bøker av Jahn-Arill Skogholt digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Utgjevingar av Jahn-Arill Skogholt i BIBSYS Ask[daud lenkje]