Andreas Karset
Andreas Kristensen Karset (27. januar 1859–5. oktober 1914) var ein norsk næringsleiar og stortingsmann frå Vang på Hedmark. Han var medlem av Venstre.
Andreas Karset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. januar 1859 Vang |
Død |
5. oktober 1914 (55 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Karset var son til ein gardbrukar. I unge år gjekk han både amtsskulen og Sagatun Folkehøyskole. I 1884 vart han rekneskapsførar og disponent for Vangs brenneri, ei stilling han hadde til 1909. Frå 1900 var han gardbrukar på storgarden Nordre Hoel i Vang. Han kjøpte elles opp fleire andre gardar i Vang og var eigar av dei.
Karset vart medlem av heradsstyret i Vang fyrste gongen i 1891, han var ordførar 1904-1913. I 1906 representerte han Hedmark ved kongekroninga i Trondheim.
Karset var Hedemarkens amt sin 5. representant til Stortinget 1900-03. Etter ei kort tid i budsjettkomiteen var han frå 6. november 1900 medlem av tollkomiteen. Utanom stortingsvervet var han medlem av fleire statlege utval, mellom dei departementale komitear om sal av øl-, vin- og brennevin i 1897, 1899 om skattelova og 1901 om skattlegginga av øl og brennevin.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914