Andreas Mørch

norsk lærar og lokalhistorikar

Andreas Mørch (11. februar 19021992) var ein norsk lærar og lokalhistorikar, fødd og død i Sigdal.

Andreas Mørch
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1902
Sigdal
Død

1992 (90 år)
Sigdal

Yrke lærar

Mørch var son til ein skulemann og utdanna seg sjølv til eit liv i skulestova. I 1923 tok han eksamen ved Notodden lærarskule og to år seinare eksamen på Noregs Lærarhøgskole i Trondheim. Han var lærar på Buskerud folkehøgskule 1923-25 og i Hurum kommune 1925-27. Frå 1927 var han tilsett lærar i Sigdal kommune.

Mørch gav ut si fyrste bok, Frå gamle dagar. Folkeminne frå Sigdal og Eggedal, i 1932. I 1940- og 1950-åra kom bøker om Sigdal Sparebank 100 år, Sigdal Handelslag 50 år og Eggedal Sparebank 100 år. Sidan stod han som forfattar av fleire bygdebøker for Sigdal og Eggedal og Krødsherad.

Kjelder endre