Andreas Olsen Sæhlie

norsk politikar

Andreas Olsen Sæhlie (1. august 183227. august 1896) var ein norsk gardbrukar, næringsdrivar, ordførar og stortingsmann frå Vang i Hedmark.

Andreas Olsen Sæhlie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1832
Vang kommune
Død

27. august 1896 (64 år)
Unionen mellom Noreg og Sverige

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Andreas Olsen Sæhlie på Commons

Han var son til ein brukseigar. Etter han var ferdig med skulegang i Christiania og utanlands byrja han i faren si verksemd som gardbrukar og brennerieigar. Då faren døydde, overtok han desse og utvida både garden Sæli og verksemda elles. Han kjøpte opp fleire skogeigedomar i Noreg og Sverige og eigde Sælie spritfabrikk. Elles var han medeigar i Christiania bryggeri, Hamar bryggeri, Hamar meieri, Ådals bruk, Vardal sliperi og i Telboge og Liljedals glasverk i Sverige.

Sæhlie var ordførar i Vang i åtte år, og ordførar i Oplandske kreditbanks representantskap frå 1879, styreformann i Hedmarks landbruksselskap frå 1881 og medlem av representantskapet i Selskabet for Norges Vel frå 1892.

Sæhlie representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1868 til -79. Han var 1868-74 sekretær i budsjettkomiteen, 1871-76 medlem av både valkomiteen og jarnbanekomiteen, samt 1875-79 medlem av skattekomiteen. Elles var han medlem av røysterettskomiteen 1875-77, gasje- og pensjonskomiteen 1877-79 og av den parlamentariske skattekommisjonen av 1877. I 1872 var han med i Stortinget sin deputasjonen til tusenårsfeiringa i Haugesund.

Sæhlie døydde under ein fisketur på ein av eigedomane sine i Gausdalsfjella.

Utmerkingar endre

Sæhlie var innehavar av St. Olavs Orden.

Kjelder endre