Opna hovudmenyen

Andrej Dmitrijevitsj Sakharov, russisk Андрей Дмитриевич Сахаров (21. mai 192114. desember 1989), var ein sovjetrussisk vitskapsmann (kjernefysikar) som fekk Nobels fredspris i 1975.

Andrej Sakharov
RIAN archive 25981 Academician Sakharov.jpg
Fødd21. mai 1921
Moskva
Død14. desember 1989
Moskva
NasjonalitetSovjet-Russland, Sovjetunionen
Områdefysikk
Yrkefysikar, menneskerettsaktivist, kjernefysiker
InstitusjonarLebedev Physical Institute
Lebedev Physical Institute
Lebedev Physical Institute
Alma materMSU Faculty of Physics
DoktorgradsrettleiarIgor Tamm
EktefelleJelena Bonner
MedlemNational Academy of Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Det franske vitskapsakademiet
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
Bustadblokka i byen Gorkij der ekteparet Jelena Bonner og Andrej Sakharov budde under Sakharovs indre eksil i åra 1980 til 1986. Husværet deira er no vorte museum.

Sakharov var på 1950-talet leiar av det forskingsprogrammet som gjorde det mogleg for Sovjetsamveldet å lage si fyrste hydrogenbombe, ei kjernefysisk bombe som utviklar energien ved at hydrogenkjernar reagerer med kvarandre og går saman til tyngre kjernar. Han vart i 1953 teke opp som medlem av Det sovjetiske vitskapsakademiet.

Sakharov har òg gjort framifrå nybrottsarbeid om tilhøva i universet og utviklinga av det i dei fyrste brøkdelane av eit sekund etter det såkalla Store Smellet, som ifylgje den herskande vitskapleg teorien var den hendinga som skapte universet.

I 1968 sendte Sakharov ut eit stort samfunnskritisk skrift, Tankar om framsteg, fredeleg sameksistens og intellektuell fridom, som ikkje vart godt motteke av styresmaktene i Sovjetsamveldet og førte til at han vart avsett frå forskerstillinga si. Saman med to andre vitskapsmenn skipa han i 1970 ein upolitisk menneskerettskomité, og det var for arbeidet sitt på dette området han vart gjeve Nobels fredspris i 1975. Av di dei sovjetiske styresmaktene nekta han å reise ut av landet, var det hans hustru, Jelena Bonner, som tok turen til Oslo og mottok prisen på vegner av han.

Sakharov vart i 1980 arrestert av dei sovjetiske styresmaktene og forvist til såkalla indre eksil i byen Gorkij (som frå 1991 heiter Nizjnij Novgorod); denne byen var lukka for utlendingar på grunn av den militære forskinga og anna militær aktivitet som gjekk føre seg der. Ved eit dekret frå Det øvste sovjet, som var den øvste lovgjevande makta i Sovjetsamveldet, vart han samstundes fråteke alle dei utmerkingane han hadde motteke.

Ikkje før i desember 1986 vart Sakharov sett fri frå det «indre eksilet» i byen Gorkij. Han tok då opp att både det vitskapelege arbeidet sitt og det politiske arbeidet for fremje av menneskerettane. Han tok òg del i fredsarrangement i samarbeid med det sovjetiske styresmaktene, og vart i 1989 medlem av folkekongressen.

Sakharov vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1981. Han hadde i 1980 fått Fritt Ords Pris, ein pris som vert delt ut av den private Institusjonen Fritt Ord i Oslo, «for med nesten ufatteleg åndeleg kraft, uthald og fryktløyse å ha kjempa for og praktisert den frie tanken og det frie ordet under trykket av eit totalitært regime.»

BakgrunnsstoffEndra