Andrine Hanssen-Seppola
norsk politikar
Andrine Hanssen-Seppola (fødd 14. februar 2003) er ein norsk politikar for Senterpartiet frå Tromsø. Seppola er leiar i Senterungdommen frå 2022.[1] Frå 2021 er Seppola vararepresentant til Stortinget.[2]
Andrine Hanssen-Seppola | |||
Fødd | 14. februar 2003 (21 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Kongsbakken videregående skole | ||
Alle verv |
Hanssen-Seppola tilhøyrer den kvenske Seppola-slekta.[3] Ho har vore elev ved Kongsbakken videregåande skole i Tromsø.
I november 2020 blei Hanssen-Seppola nominert som den 4. kandidaten til Stortinget frå Senterpartiet for Troms valkrins[4] føre stortingsvalet 2021, og blei med det tidenes yngste toppkandidat til Stortinget i Noreg.[5] Ho har hatt fleire verv innanfor ungdomsorganisasjonar og politikk, og var politisk nestleiar og sentralstyremedlem i Senterungdommen før ho blei leiar for ungdomspartiet.[6]
Kjelder
endre- ↑ «Pressemelding: Andrine (18) valgt som nestleder i Senterungdommen». Senterungdommen (på norsk). Henta 7. januar 2022.
- ↑ «Biografi: Hanssen-Seppola, Andrine». Stortinget (på norsk). 9. november 2021. Henta 7. januar 2022.
- ↑ Lanes, Laila (24. november 2022). «Leder av Senterungdommen vil løfte kvensk og norskfinsk språk og kultur». NRK (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2023.
- ↑ Trellevik, Amund (21. november 2020). «(+) Prestbakmo vant nominasjonskampen: Nå sikter Senterpartiet mot to representanter fra Troms på tinget». Nordlys (på norsk). Henta 12. september 2021.
- ↑ Sveen, Eirik Hind (14. april 2021). «Folkevandringa: Andrine Seppola (Sp) vil gi deg store økonomiske fordeler ved å bo i Tromsø». NRK (på norsk bokmål). Henta 12. september 2021.
- ↑ Senterungdommen. «Sentralstyret». Henta 12.09.2021.
- Denne artikkelen bygger på «Andrine Hanssen-Seppola» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mars 2023.