Andrius Kubilius
Andrius Kubilius (fødd 8. desember 1956) er ein litauisk politikar. Han var statsminister i Litauen 1999-2000 og igjen frå 9. desember 2008 til 13. desember 2012. Han var leiar det konservative partiet Fedrelandsunionen - Litauiske kristendemokratar (Tėvynės sąjunga - Lietuvos krikščionys demokratai) frå 2003 til 2015.
Andrius Kubilius | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Litauen |
Fødd | 8. desember 1956 (68 år) Vilnius |
Yrke | politikar, fysikar |
Språk | Litauisk, engelsk, russisk |
Verv | Statsminister i Litauen |
Periode | 1999-2000 |
Føregangar | Irena Degutienė |
Etterfylgjar | Rolandas Paksas |
Verv | Statsminister i Litauen |
Periode | 2008-2012 |
Føregangar | Gediminas Kirkilas |
Etterfylgjar | Algirdas Butkevičius |
Politisk parti | Fedrelandsforbundet – litauiske kristendemokrater |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Vytautas Kubilius |
Mor | Janina Žėkaitė-Kubilienė |
Nettstad | http://www.kubilius.lt |
Andrius Kubilius på Commons |
Kubilius vart fødd og voks opp i Vilnius. Han studerte fysikk på Universitetet i Vilnius, og fram til 1990 arbeidde han på universitetet. Han vart medlem i den opposisjonelle rørsla Sąjūdis, som strei for litauisk sjølvstende frå Sovjetunionen. Då dette vart oppnådd vart Kubilius vald inn i nasjonalforsamlinga i 1992. Han vart med i Fedrelandsunionen i 1993.
Frå 3. november 1999 til 9. november 2000 var han statsminister i Litauen. Han gjekk av etter at partiet hans mista 61 av dei 70 parlamentsmedlemene sine ved valet i 2000. Han vart partileiar for Fedrelandsunionen i 2003. Ved parlamentsvalet 28. oktober 2008 vart partiet størst, med 19,7 % av stemmene. Kubilius vart statsminister i ei sentrum-høgre koalisjonsregjering med to mindre parti.
Kubilius er gift og har to søner. Kona er fiolinist i Det litauiske nasjonale symfoniorkesteret.