Andrzej Gmitruk

Andrzej Gmitruk (fødd 14. juli 1951 i Warszawa, daud 20. november 2018 i Hipolitów) var ein polsk boksetrenar og boksepromotor.

Andrzej Gmitruk
Statsborgarskap Polen
Fødd 14. juli 1951
Warszawa
Død

20. november 2018
Hipolitów, Mińsk County

BiografiEndra

Gmitruk byrja som juniortrenar i 1975.[1] To år seinare tek han over bokseklubben Legia Warszawa som vann det polske lagmeisterskapet i boksing fem gonger. Han trena to av bronsemedaljevinnarane i OL 1980 i Moskva, Kazimierz Szczerba og Krzysztof Kosedowski. I 1981 og 1983 vart Gmitruk kåra til årets boksetrenar av avisa BOKS. I 1983 overtok han som trenar for det polske landslaget. Under ALTE i 1988 i Seoul vann fire av bokserne han trena bronsemedaljar: Andrzej Gołota, Henryk Petrich, Jan Dydak og Janusz Zarenkiewicz. I åra 1988–1998 jobba han i Noreg som boksetrenar og sportssjef i Norges Bokseforbund. Han trena Ole Klemetsen til OL i 1992 og Jørn Johnson til OL i 1996.[2] Etter 1998 var Gmitruk trenar og promotor for profesjonelle boksarar. 2012–2018 var han ekspertkommentator for boksing ved Polsat Sport.[3]

Under valet i 2018 stilte Gmitruk som kandidat for partiet Lov og rettferd på regionalt nivå, utan å veljast inn.[4]

Gmitruk omkom heime i Hipolitów i Masoviske voivodskap den 20. november 2018. Måndag 19. november hadde han tent eit lys på terrassen til minne om den avlidne sonen sin. Om natta byrja det å brenna ute på terrassen. Under forsøk på å slokke brannen døydde Gmitruk. Dødsårsaka var akutt sirkulasjons- og respirasjonssvikt.[5] Andrzej Gmitruk vart 67 år gammal. Han etterlét seg kona Agnieszka og ei fem år gammal dotter.[6]

KjelderEndra

  1. «Kalendarium Stulecia Legii - 14 lipca». legia.com (polsk). Henta 26. november 2018. 
  2. «Norges boksemiljø i sorg: Tidligere landslagstrener omkom i brann». Aftenposten (norsk bokmål). Henta 26. november 2018. 
  3. «Boks. Andrzej Gmitruk rozstał się z Polsatem. Mocne słowa trenera». Sport.pl (polsk). Henta 26. november 2018. 
  4. «Wybory samorządowe 2018». wybory2018.pkw.gov.pl. Henta 26. november 2018. 
  5. Wirtualna Polska Media (21. november 2018). «Prokuratura podała przyczynę śmierci Andrzeja Gmitruka - WP SportoweFakty». sportowefakty.wp.pl (polsk). Henta 26. november 2018. 
  6. !, Zbierz pieniądze na dowolny cel na Pomagam.pl. «Kliknij tutaj i wesprzyj Rodzina Andrzeja Gmitruka | Adam Krzysztof na Pomagam.pl». Pomagam.pl (polsk). Henta 26. november 2018.