Masoviske voivodskap
Masoviske voivodskap Województwo mazowieckie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Warszawa | ||||
Fylke: | 5 byar og 37 landfylke | ||||
Gmina: | 314 | ||||
Folketal: | 5 164 612 (2006) | ||||
Areal: | 35 579 km² | ||||
Folketettleik: | 145 /km² | ||||
Heimeside: | www.mazowsze.uw.gov.pl/ |
Masoviske voivodskap (polsk Województwo mazowieckie eller berre Mazowieckie) er den største og mest folkerike av dei 16 voivodskapa i Polen. Det ligg sentralt i landet og har eit areal på 35 579 km² og 5,16 millionar innbyggjarar. Den største byen er Warszawa (1,7 mill) og andre store byar er Radom (226 000) i sør, Płock (127 000) i vest, Siedlce (77 000) i aust og Ostrołęka (55 000) i nord. Warszawa er hovudstad både i voivodskapet og i landet.
Historie og geografiEndra
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Warszawa, Płock, Ciechanów, Ostrołęka, Siedlce og Radom. Provinsen har namn etter den historiske regionen Mazowsze (stundom kalla Masovia på andre språk). Den sørlege delen av voivodskapet med byen Radom høyrer historisk til Malopolska.
Det grensar til seks andre voivodskap, Ermelandskmasuriske i nord, Podlasie i nordaust, Lublin i søraust, Święty Krzyż i sør, Łódź i sørvest og Kujaviskpommerske i nordvest.
Byar og landsbyarEndra
Voivodskapet inneheld 85 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006[1]):
1. Warszawa (1 700 536) |
30. Sokołów Podlaski (18 419) |
59. Lipsko (5 826) |
Administrativ inndelingEndra
Masoviske voivodskap er delt inn i 42 fylke (powiat), der det er 5 byfylke og 37 landfylke. Desse er igjen delt inn i 314 gmina eller kommunar, der 85 av desse er urbane.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Masovian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2008.