Andvake

stridsluren til kong Sverre.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Andvake (fleirtyding).

Andvake (norrønt andvaka) er etter Sverressoga namnet på stridsluren til kong Sverre.

Og Sverre baud Andvake ljoma til Ting.
Og Aalmugen sanka seg saman.
Og Sverre stod upp, og han saag seg ikring,
og Augo, dei spaadde kje Gaman.

Frå Per Sivle: «Sverre»

Ordet har opphav i norrønt, der substantivet andvaka kunne tyde både 'nattevak', 'søvnløyse', 'aktsemd' og ' vaktsemd' (bm. «årvåkenhet»).[1]

Kjelder

endre
  1. Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erike Simensen: Norrøn ordbok, Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9