Leiv Heggstad
Leiv Heggstad (24. mars 1879–8. mars 1954) var ein norsk skulemann og målmann.
Leiv Heggstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. mars 1879 Namsos |
Død |
8. mars 1954 (74 år) |
Yrke | lingvist, filolog, skribent, omsetjar |
Språk | norsk |
Far | Marius Hægstad |
Heggstad var fødd i i Namsos som son av Kristoffer Marius Hægstad. Han var styrar ved Voss private gymnas 1911–1916, overlærar ved Voss landsgymnas 1916–31 og rektor ved Molde høyere skole 1931–45. Han skreiv småskrifter og artiklar i målstriden og gav mellom anna ut Norsk Grammatikk (større utg. 1931), Gamalnorsk ordbok (1931), Vossemålet (1933) og Eventyr og segner på målføre frå alle kantar av landet (1950). Han omsette Egilssoga. Som 21-åring vart Leiv Heggstad den første formannen i Studentmållaget i Oslo, skipa i 1900.