Bokmål

ein offisiell skriftstandard av norsk

Bokmål er eit skriftspråk for norsk og er ei av dei to offisielle målformene i Noreg. Det er likestilt med nynorsk gjennom lovverket. Det er usikkert kor mange som nyttar bokmål som hovudmålform, men truleg er det vel 85 % av den norske befolkninga.[1]

Bokmål
bokmål, riksmål, norsk
Klassifisering Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Fastlandsnordisk
Bruk
Tala i  Noreg
Område Noreg
Skriftsystem Latinsk (norsk variant)
Offisiell status
Offisielt språk i  Noreg
Normert av Norsk språkråd
Språkkodar
ISO 639-1 nb (bokmål)
no (norsk)
ISO 639-2 nob (bokmål)
nor (norsk)
ISO 639-3 nob (bokmål)
nor (norsk)

Bokmål vert av somme kalla norsk-dansk og av andre dansk-norsk. Desse nemningane er meinte å syne til særlege meiningar i den norske målstriden, eller til særlege definisjonar av dei ulike språka og målformene. Nemninga norsk-dansk tyder på at ein meiner bokmål i røynda er dansk språk som berre har lånt inn einskildord og stavemåtar frå norsk, medan nemninga dansk-norsk skal syne at bokmål har dansk rot, men har vorte eit eige norsk språk, sidan det er i bruk i Noreg og er såpass ulikt dansken.

Historie endre

1814–1900 endre

I 1814 byrja det å hende ting med Noreg. Landet kom ut av unionen med Danmark og inn i ein friare union med Sverige, og fekk si eiga grunnlov. No ynskte mange nordmenn å dyrke fram det som var norsk. Somme ville òg forandre språket. Talespråket mellom embetsmenn og overklassen i byane på den tida, såkalla danna daglegtale, var eit koinéspråk som forenkla kan kallast dansk med norsk uttale. I distrikta bruka dei sine eigne dialektar. Skriftspråket i Noreg var framleis dansk.

Somme ville fornorske skriftspråket. Dét er å endre skriftspråket i norsk retning ved å ta inn norske ord, ljodar og bøyingsformer. Det var òg folk som ville halde på det danske skriftspråket slik det var. Andre ville ha ei språkreising, det vil seie å skape eit nytt norsk skriftspråk på grunnlag av dialektane. Alt dette førte til ein hissig språkdebatt i 1830-åra. Dei viktigaste personane under denne diskusjonen var Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven, Knud Knudsen, Peter Andreas Munch og Ivar Aasen.

Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var bitre fiendar under debatten. Wergeland gjekk inn for å fornorske språket. Han stod for at eit sjølvstendig folk måtte ha sitt eige språk. Han meinte at nordmenn skulle skrive slik det var naturleg for dei, og at dette ville gjere det lettare å lære å lese og skrive. Sjølv bruka han mange særnorske ord i diktinga si. Welhaven ville derimot halde det danske skriftspråket slik det var. Han meinte det ville vere sunt å halde på den danske kulturen.

Knud Knudsen stod, som Wergeland, for fornorsking. Han meinte at skriftspråket skulle vere så likt det munnlege språket som råd. I 1845 gav han ut ein artikkel om rettskrivinga i det norske språket. Ei viktig sak for han var å innføre harde konsonantar, «p», «t» og «k» i staden for «b», «d» og «g» som i dansk. Til dømes ville «tab» bli til «tap» og «mad» til «mat». Knudsen døydde i 1895, så han fekk ikkje oppleve at riksmål kom til, der mellom anna desse forandringane vart innførte i 1907.

Språkforskaren og historikaren Peter Andreas Munch meinte at to språk aldri kunne blandast, og at dansk med norske ord aldri kunne bli norsk. Han ville ha det danske skriftspråket slik det var, og han ville at eit nytt, norsk språk skulle reisast frå den dialekten som var mest lik norrønt.

Ivar Aasen var einig med Munch i at Noreg skulle ha sitt eige skriftspråk, og at dette måtte skje ved språkreising. Han meinte derimot at det måtte byggje på fleire av dei norske dialektane, ikkje berre ein. Han reiste rundt i 250 herad i Noreg for å kartleggje talemåten for den jamne nordmannen, og han samla inn ord frå dei ulike dialektane. Stoffet han samla, arbeidde han vidare med. Dette resulterte i ei grammatikkbok og ei ordbok. Begge desse bøkene bruka nemninga Det norske Folkesprog. På fyrsten av 1850-åra føreslo han at landsmål, som han kalla språket han hadde utforma, skulle bli eit offisielt språk. I 1864 gav han ut Norsk grammatik, og i 1873 Norsk Ordbog. Dette var byrjinga til det vi i dag kallar nynorsk. Landsmål, dagsens nynorsk, blei i 1885 sidestilt med det almindelige skrift- og bogsprog, som var det same som dansk. Aasen døydde i 1896.

Gjennom 1870- og 80-åra skjedde mykje viktig i språkutviklinga i Noreg. Fleirtalsendinga for verb blei endra. Før heitte det: «jeg er», men «vi ere». No skulle det heite: «jeg er» og «vi er». Store forbokstavar i substantiv blei borte, og dei latinske bokstavane som vi brukar i dag, kom inn i staden for dei gotiske trykkbokstavane. Frå 1879 fekk elevar og lærarar snakke det naturlege talespråket på skulen. Elevane måtte framleis skrive skriftspråket, men dei var ikkje lenger nøydde å snakke det. Lærarane skjønte at det blei ein for stor skilnad mellom tale- og skriftspråket, og kravde at noko måtte gjerast.

I 1885 blei altså landsmål jamstilt med det almindelige skrift- og bogsprog. I 1892 vedtok Skulestyret at opplæringa i skulen kunne skje anten på det almindelige bogsprog, eller på landsmål. Alle elevar måtte lære å lese begge språka. Frå då av hadde Noreg to offisielle skriftspråk. Året etter kom valformer som «bold» – «ball» og «raabe» – «rope». Mange meinte at slike valfrie former skapte rot i rettskrivinga.

1900–1950 endre

I 1901 gjennomgjekk landsmål ei reform som blant anna gjekk ut på at både store bokstavar i substantiv og fleirtallsendingar i verb fall bort. I tillegg fekk a-verb a-ending i fortid. For eksempel blei «kastade» til «kasta».

I 1905 blei den 91 år gamle unionen med Sverige løyst opp. Frå 1800-talet hadde riksmål vore omgrepet for det dansk-norske skriftspråket. Etter 1885 frykta nemleg tilhengjarane av det dansk-norske skriftspråket av landsmål skulle ta over. Difor organiserte dei seg i riksmålsforeningar frå 1899. Slik blei namnet riksmål til, og i 1907 blei det offisielt. Dei to skriftspråka i Noreg skulle frå då av heite riksmål og landsmål. I 1907 fekk også riksmål sin første store reformasjon. Fordi Noreg hadde blitt ein sjølvstendig stat i 1905 skulle det særnorske igjen framhevast. Reforma som kom i 1907 møtte derfor ingen stor motstand. Noko av det viktigaste som skjedde under reforma var at «p», «t» og «k» blei innført der danske ord hadde hatt «b», «d» og «g». Det blei også valfri skrivemåte i fleire ord, kortformer som «fjær» i staden for «fjeder», og valfrie kortformer.

Reforma i 1907 slo fast at skriftspråket i Noreg skal byggje på norsk tale. Samstundes begynte riksmål og landsmål å nærme seg kvarandre. Dette var det delte meningar om. Somme meinte at riksmål og landsmål saman skulle danne eit språk, mens andre ville ha større skilnader.

Ei ny rettskrivingsreform kom i 1917. Denne gjaldt både riksmål og landsmål. Etter reforma blei avstanden mellom skriftspråka endå mindre, difor blir reforma kalla ei samnorsk-reform. Reforma møtte stor motstand blant både riksmåls- og landsmålstilhengjarar. Landsmålet stod faktisk i fare for å bli splitta opp i fleire landsdels-skriftspråk. Dei viktigaste forandringane i riksmål var at bokstaven «å» erstatta «aa», og at det blei dobbelkonsonantar i ord med kort vokal, for eksempel blei «tak» til «takk». Bokstaven «æ» forsvann òg i ord søraustnorsk bymål uttalte med «e», for eksempel blei «trætt» til «trett». Landsmål hadde òg nokre forandringar. Blant anna kom det nye valfrie former som førte språket nærare riksmål.

I 1929 fekk dei to språka nye namn. Landsmål blei til nynorsk og riksmål blei til bokmål. Nynorsk og bokmål er namna vi bruker den dag i dag. Deretter følgde rettskrivingsreforma i 1938. Her blei det innført sidestilte former, som er to former av same ord som ein fritt kunne velje mellom, og hovudform og sideform. Bokmål fekk nokre diftongformer, og somme verb i preteritum og substantiv i inkjekjønn fleirtal fekk a-endingar. Nynorsk blei lite endra i 1938.

Tilhengjarar av riksmålet protesterte mot reforma i 1938. Ein del nynorsktilhengjarar var òg misnøgde, med at somme tradisjonelle bøyingsformer forsvann. 1938-reglane gjaldt ikkje under andre verdskrigen, for då innførte Vidkun Quisling si regjering spesielle reglar.

1950–2000 endre

På 1950-talet fekk samnorskformene fleire og fleire motstandarar. Riksmålsforbundet gav ut si eiga ordliste i 1952. Nokre av dei nye reglane som kom i bokmålet i 1938 blei forandra tilbake igjen. I 1951 blei det òg innført ein ny teljemåte. Nå skulle det heite «tjueto» og «trettitre» i staden for «toogtyve» og «treogtredve».

Same året blei Norsk språknemnd oppretta av Stortinget. Denne nemnda skulle arbeide for tilnærming mellom nynorsk og bokmål. Den første oppgåva til nemnda var å fastsetje skrivemåten i lærebøkene i skulen.

Først i 1959 hadde Norsk språknemnd nye reglar for lærebokspråket klart. Dei viktigaste endringane i bokmål var sidestilte former som «dokke» og «dukke», «golv» og «gulv». Bokstaven «h» blei borte framom bokstaven v i ord som «valp» og «verken». Regelen for bruk av a-endingar i hokjønnssubstantiv blei igjen endra. I nynorsk blei fleire former sidestilte, og somme vokalar blei endra med sikte på å nærme seg bokmål.

I 1972 avløyste Norsk språkråd Norsk språknemnd, og i 1981 kom ei reform som berre gjaldt bokmål. No fekk elevane velje mellom hokjønns- og hankjønnsbøying av dei fleste hokjønnsord, til dømes «kua» og «kuen». Tidlegare former som «frem» og «syd» blei òg godtekne att. Desse endringane utgjorde ei tilnærming av bokmål i retning riksmål.

Norsk språkråd har har seinare arbeidd med å gje lånord norsk skrivemåte. I 1996 vart om lag 50 lånord gjeven norsk form ved sida av den tidlegare skrivemåten. Eksempel på sidestilte former har vi i «guide» ~ «gaid», «safe» ~ «seif». Frå 1996 arbeidde Norsk språkråd også med ei reform av både bokmål og nynorsk. Rådet gjorde framlegg om at skiljet mellom hovudformer og sideformer skulle opphevast. Kulturdepartementet godkjende dei fleste endringane for bokmål i 2005.

Språket i Noreg har gått gjennom ei lang utvikling frå 1814 og fram til i dag. Vi har alltid snakka norsk, men skriftspråket var i byrjinga dansk. Personar som Knud Knudsen og Ivar Aasen gjorde at vi enda opp med to ulike skriftspråk, nynorsk og bokmål. Fleire språkreformer har òg bidratt til utviklinga av språket. I løpet av dei siste åra har det også utvikla seg ein markant ulik ungdomssjargong i storbyane.

Etter 2000 endre

Nemninga "bokmål med dansknære former", er ei [mere] deskriptiv og informativ nemning [enn] moderat eller konservativt bokmål, skreiv Gunnar Skirbekk (professor em.) i 2018.[2]

Notar endre

  1. Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 9. november 2011, henta 27. januar 2009 
  2. Gunnar Skirbekk. "Bokmål og dansk". 2018-03-03. Klassekampen. S. 18

Sjå òg endre