Anette Hovind Johansen

Anette Hovind Johansen (fødd 24. mars 1980) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Østfold. Ho vart europameister i 2006, og vann elles EM-sølv i 2002 og VM-sølv i 2007. Rykkrom-spelaren utmerkte seg særleg som ein flink forsvarsspelar.

Anette Hovind Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. mars 1980 (44 år)
Noreg
Yrke handballspelar

Johansen spelte på Skjeberg og deretter på Lisleby til 2000. 20 år gammal byrja ho spele på Nordstrand IF, før ferda i 2004 gjekk til dansk handball og GOG Svendborg. Frå hausten 2009 spelte ho på Fredrikstad BK til ho la opp 2011?

Johansen debuterte på det norske landslaget den 11. mars 2000 mot Tyskland. Ho sleit med å etablere seg i landslagstroppen dei fyrste åra, men fekk meir speletid og vart europameister i 2006 og spelte VM-finale mot Russland i 2007. Våren 2008 spelte ho sin 99. landskamp, eit oppgjer mot Portugal den 30. mars. Fleire landskampar fekk ho ikkje, så etter 231 skåringar var det slutt med flagget på brystet.

Merittar endre

Kjelder endre