Handball-VM 2003 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 2003 for kvinner, den 16. i rekka, vart avvikla i tida 2. til 14. desember 2003 i Kroatia. Til saman 24 land deltok i turneringa. Frankrike vann meisterpokalen etter finalesiger 32-29 mot Ungarn. VM-triumfen var den fyrste for det franske kvinnelandslaget.

Dom sportova i Zagreb

VM-finalen endre

Finalen mellom semifinalevinnarane Frankrike og Ungarn fann stad i Dom sportova i Zagreb framfor 9 000 tilskodarar. Ungarn leia gjennom så å seie heile den fyrsteomgangen og ved pause stod det 11-8. Utover i andre omgangen auka ungararane leiinga til 25-18 og etter 55 minuttars spel leia dei framleis med seks mål. Siste fem minuttane av andreomgang fall det ungarske laget derimot heilt saman og Frankrike klarte utlikne til 28-28 på straffekast i ordinær tids siste sekund. I dei rotete ekstraomgangane var Frankrike best og laget sikra seg pokalen med 32 mål mot 29 for Ungarn.

Ti av dei franske verdsmeistrane kom på skåringslista. Mélinda Jacques skåra 5 mål, Stéphanie Cano, Myriam Korfanty, Leila Lejeune, Véronique Rolland, Raphaëlle Tervel, alle saman med 4 mål, Estelle Vogein 3, Nodjialem Myaro 2, Sandrine Delerce og Isabelle Wendling 1. I mål stod Valérie Nicolas ein god kamp og ho vart kåra til meisterskapens beste spelar.

Bojana Radulovics var kampens dominerande spelar og stod for heile 13 av dei 29 ungarske nettkjenningane.

Islendingane Stefan Arnaldsson og Gunnar Vidarsson dømde finalekampen. Dei straffa Frankrike med seks 2-minuttsutvisingar og Ungarn med åtte. På begge laga fekk ein spelar raudt kort.

Kjelder endre