Handball-VM 2005 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 2005 for kvinner, den 17. i rekka, vart avvikla i tida 5. til 18. desember 2005 i St. Petersburg i Russland. Til saman 24 land deltok i turneringa. Russland vann meisterpokalen for andre gong etter finalesiger 28-23 mot Romania.

Ispalasset i St. Petersburg

VM-finalen endre

Finalen mellom semifinalevinnarane Russland og Romania fann stad i Ispalasset i St. Petersburg framfor 10 500 tilskodarar. Russland dominerte fyrsteomgangen og leia 17-12 ved pause. I andre omgangen kontrollerte russarane kampen inn til sluttresultatet 28-23.

Heile ti av dei russiske spelarane kom på skåringslista. Flest mål skåra Ljudmila Postnova med 7, vidare netta Jelena I. Poljonova 5 gongar, Ljudmila Bodnijeva, Emilija Turej og Irina Poltoratskaja 3, Natalija Sjipilova og Jana Uskova 2, Anna Kurepta, Katerina Marennikova, Jelena Sergejeva, alle 1 gong, medan Anna Karejeva, Oksana Romenskaja og målvaktene Tatjana Alizar og Marija Sidorova vart verande mållause. Irina Bliznova og Polina Vjakhireva måtte sjå finalen frå tribunen.

Romania sin toppskårar var Valentina Ardean Elisei med sju nettkjenningar.

Gilles Bord og Olivier Buy frå Frankrike dømde finalekampen. Dei straffa Russland med seks 2-minuttsutvisingar og Romania med fem.

Kjelder endre