Angéla Németh, gift Ránky, (18. februar 19465. august 2014) var ein ungarsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i spydkast i 1968 og europeisk meister i same øvinga i 1969.

Angéla Németh


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 18. februar 1946
Budapest
Død

5. august 2014 (68 år)
Budapest

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

æresborger av Budapest

Aktiv endre

Under sommarleikane 1968 i Mexico by byrja finalen i spydkast nett som fire åre tidlegare; rumenske Mihaela Peneș tok leiinga etter forsøka i fyrste omgang. I andre omgang kasta Angéla Németh 60,36 meter, noko som vart det einaste 60-meterskastet i heile tevlinga. Németh vann då gullmedaljen framom Mihaela Peneș og Eva Janko frå Austerrike.

Etter å ha gifta seg til namnet Angéla Ránky gjorde ho sommaren 1969 sitt lengste spydkast noko gong, kastet mælte 60,58 m. Seinare i sesongen deltok ho i EM i Aten. Her nådde ho 59,76 m i sitt lengste kast og tok EM-gullet framfor landskvinna Magdolna Vidos. I den neste europameisterskapen i Helsingfors i 1971 vart Ránky nummer fire med 57,44 m. Ho lukkast ikkje i kvalifiseringa til OL-finalen 1972, med 53,48 m var ho 14 cm ifrå å sikre seg finaleplass.

Ho vart ungarsk meister i spydkast i 1968, 1969 og 1971.

Kjelder endre