Angarsk
Angarsk (russisk Анга́рск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg ved elva Angara, rundt 40 km nordvest for Irkutsk. I 2007 hadde han om lag 240 000 innbyggjarar.
Angarsk Ангарск | |||||
---|---|---|---|---|---|
Angarskij Prospekt | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Irkutsk | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1948 1951 | ||||
Borgarmeister | Leonid Mikhailov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
209 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
244 100 1 167,9 /km² | ||||
Koordinatar | 52°34′0″N 103°55′0″E / 52.56667°N 103.91667°E | ||||
Høgd over havet | 430 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
IRKT (UTC+8) IRKST (UTC+9) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 665800–665841 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)3955 | ||||
Nettstad: www.angarsk-goradm.ru |
Angarsk vart grunnlagt i 1948 som ein industriell busetnad og fekk bystatus 30. mai 1951.
Økonomi og næringsliv
endreNæringslivet i Angarsk består av oljeindustri, maskinbygging, metallhandsaming, treforedling, kjemisk industri og petrokjemi. Angarsk har den største industrisonen i den asiatiske delen av Russland. Angarsk er òg ein av hovudbyane i det russiske atomprogrammet.
Transport
endreByen ligg ved den transsibirske jernbanen. Innanfor bygrensene består kollektivtransporten av trikk, bussar og rutetaxi.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Angarsk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2008.