Opna hovudmenyen
Angara er òg eit alternativt namn på kontinentet Siberia.

Angara (russisk Ангара́) er ei 1779 km lang elv i Irkutsk oblast og Krasnojarsk kraj, søraust i Sibir i Russland. Ho er den einaste elva som renn ut frå Bajkalsjøen og er ei av kjeldeelvane til Jenisej.[1]

Angara
elv
Angara Stones.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 1 039 000 km²
Lengd 1 779 km
Middelvassføring 4 530 /s
Kjelde Bajkalsjøen
 - høgd 456 moh.
Munning Jenisej
Nedslagsfeltet til Angara
Nedslagsfeltet til Angara
Wikimedia Commons: Angara River

Angara renn ut frå Bajkalsjøen nær Listvjanka og renn ordover gjennom byane Irkutsk, Angarsk, Bratsk og Ust-Ilimsk i Irkutsk oblast. Ho snur så vestover og inn i Krasnojarsk kraj, og munnar ut i Jenisej nær Strelka (40 km aust for Lesosibirsk).

Stykket av elva nedanfor samløpet med Ilim vart tidlegare kalla for Øvre Tunguska (russisk Верхняя Тунгуска, Verkhnjaja Tunguska).

Demningar og reservoarEndra

Tre store vasskraftverk er bygd langs Angara sidan 1950-åra.

TransportEndra

 
Angara i Irkutsk

Angara vert nytta til transport i fleire stykke av elva.[2][3][4]

  • frå Bajkalsjøen til Irkutsk;
  • frå Irkutsk til Bratsk;
  • på Ust-Ilimsk-reservoaret;
  • frå Bogutsjanyjdemininga til elva munnar ut i Jenisej.

Stykket mellom Ust-Ilimsk-demninga og Bogutsjanyjdemninga har ikkje vore framkommeleg på grunn av stryk. Når Bogutsjanyjdemninga står ferdig og er fylt opp vil derimot delar av dette stykket verte framkommeleg. Ingen av dei fire demningane er utstyrt med sluser.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra