Angerboda (norrønt Angrboða, «sorgvarslaren»[1]) er ei jotunkvinne som i norrøn mytologi er mor til Fenrisulven, Midgardsormen og Hel. Loke er far til Angerboda sine barn.

Lokis Gezücht ('Lokes avkom', ca. 1905) av Emil Doepler. Kvinna i bakgrunnen skal truleg førestilla Angerboda.
Borna til Angerboda og Loke: Fenrisulven, Midgardsormen og Hel. Illustrasjon ved Willy Pogany (1920).

Ho er nemnd i den korte utgåva av Voluspå som finst i diktet Hyndluljod, som mor til Fenris med Loke. I Gylfaginning er ho også nemnd som ein «jotun frå Jotunheimen». Det er blitt spekulert i om ho er omtalt i diktet Balders draumar i vers 13 der Odin seier at volva er mor til tre troll eller monster:

«Du er ikkje volva
den vise kvinna,
men til tussar
tri er du mor»[2]

Den einaste mora til tre monster ein kjenner frå norrøn mytologi er Angerboda.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Lind, Idar: Norrøn mytologi frå A til Å. Det Norske Samlaget 2005. Side 19
  2. Edda (Den eldre Edda og Den yngre Edda), Det Norske Samlaget 2002. Side 102-104 i Ivar Mortensson-Egnunds oversettelse.