Hyndluljod (norrønt Hyndluljóð, 'Hyndlas kvad') er eit eddadikt frå ein gong på 1200-talet som vanlegvis blir rekna som ein del av Den eldre Edda (også kalla Den poetiske Edda). Diktet er ikkje med i hovudmanuskriptet til dette verket, Codex Regius, og er berre blitt bevart som ein heilskap i Flateyboka frå 1300-talet.

«Frøya vekker Hyndla» (1908), illustrasjon ved W. G. Collingwood.
«Ottars ætt» (1908) ved W. G. Collingwood.

Diktet har 51 vers. Versa 30-45 blir kall «Den korte Voluspå» (Völuspá in skamma), ettersom strofe 35 skal vera henta frå denne i Den yngre Edda (også kalla Prosa-Edda), og som opphavleg kan ha vore eit større og sjølvstendig verk. I diktet framfører jotunkvinna (gygra) Hyndla ei slektsoppramsing frå dei mytiske helte- og kongsslektene som skal vera forfedrane til Frøya sin elskar Ottar Innsteinsson (Ottar heimske).

Innhald endre

I diktet møter kjærleiksgudinna Frøya jotunkvinnen og volva Hyndla. Dei rir samantil Valhall; Frøya på ridesvinet sitt, galten Hildesvin, medan Hyndla rir på ein ulv. Dei har som føremål å avdekka slektskapet til Ottar Innsteinsson, Frøya sin elskar, slik at han kan få arva si og vinna eot veddemål med den danske kongen Angantyr. Det viser seg at Ottar stammar frå ei rekkje oldtidsheltar, mellom dei Sigurd Fåvnesbane. Den korte Voluspå fortel også om ei rekkje figurar frå norrøn mytologi, og diktet er forma som en samtale mellom Frøya og Hyndla. Som heilskap består det i stor grad av at Hyndla seier fram ei rekkje namn frå ætta til Ottar.

I vers 41 finn det stad ein overnaturleg unnfanging der Loke føder ei volve etter å ha ete hjartet til ei kvinne.

Opphav endre

Peter Andreas Munch tidfesta diktet til midten av 700-talet ettersom det nemner Harald Hildetann (vers 29), men ikkje Sigurd Ring.[1] Harald Hildetann fall i slaget ved Bråvalla, som er tidfesta til rundt 750. Haakon Shetelig meinte at diktet truleg var yngre, frå 800-talet.[2] Men, som Shetelig også skriv, det ville vore nærliggjande å tru at diktet opphavleg var dikta til Ottar heimske sjølv, og han må ha levd på 600-talet utan at det nødvendigvis no føreligg i den opphavlege forma si.

Tilknyting til andre soger endre

Ottar Innsteinsson, som diktet ramsar opp forfedrane til, er ifølgje Finnur Jónsson son av den Innstein som opptrer i Halvssoga. Innstein deltok på krigartokta til rogalandskongen Halv og krigarane hans, truleg rundt år 800 eller litt seinare.[3][4] Ottar skulle då ha levd rundt 850, og Jónsson hevdar at soga rundt han ikkje kunne ha blitt til før minst 100 år seinare. Han tidfestar derfor det opphavlege diktet til rundt 975 og peoker også på at det er forvanska og omgjort i stor grad fram til nedskrivinga på 1200-talet.

Tolking endre

Den norske filologen og ein av dei fremste forskarane på norrøn mytologi, Gro Steinsland, har analysert diktet i høve til diskusjonen om den sakrale karakteren til dei nordiske kongane og omgrepet det heilage bryllaupet (hierogami-myten).[5] Ei mogleg tolking er at den ytre handlinga er kongeinitiasjon der Frøya følgjer den unge og vordande kong Ottar på ei reise til dødsriket (Valhall). Det unge kongsemnet skal symbolsk overtre dødsgrensene. Opningslinja fortel hensikta:

ride skal vi
til Valhall
og til helligstedet.[6]

I ei linje kom volva Hyndla med ein spådom om den same visjonen som er nemnd i Voluspå, og ho er heller ikkje ulik volva i sistnemnde dikt. Visjonen, slik Steinsland tolkar han, i setningen «Da kommer en enda mektigere, ham våger jeg ikke nevne», er kanskje ein ny Heimdall som den øvste og fremste guden etter Ragnarok. Dette er moglegvis ein ny dimensjon i norrøn heidenskap i den siste fasen av religionsutviklinga.[7]

Kjelder endre

  1. P. A. Munch, Det norske folks historie, bd 1, s 198, 277
  2. Shetelig, Det norske folks liv og historie gjennom tidene, bd. 1, s 171
  3. Finnur Jónsson, Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, bd 1
  4. Landnåmabok, kap. 112
  5. Steinsland, Gro: Den hellige kongen. Side 57 ff.
  6. Steinsland, Gro: Den hellige kongen. Side 72-73.
  7. Steinsland, Gro: Den hellige kongen. Side 172.

Litteratur endre

  • Edda (Den eldre Edda og Den yngre Edda), Det Norske Samlaget 2002. Side 112-118, momsett av Ivar Mortensson-Egnund
  • Steinsland, Gro (1991): Det hellige bryllup og norrøn kongeideologi. En analyse av hierogami-myten i Skírnismál, Ynglingatal, Háleygjatal og Hyndluljóð. Oslo: Solum Forlag.
  • Steinsland, Gro (2000): Den hellige kongen. Om religion og herskermakt fra vikingtid til middelalder. Pax Forlag. ISBN 82-530-2227-1

Bakgrunnsstoff endre