Angosturabrua er ei hengjebru over Orinoco 5 kilometer vest for Ciudad Bolívar i Venezuela med eit hovudspenn på 712 meter og ei total lengd på 1678 meter.

Angosturabrua

Typehengebru
Opna6. januar 1967
Lengd1 678,5 meter
Høgd119 meter
Største spenn712 meter
KryssarOrinoco
Materialestål
UtformingHengebru
TransportererBiltrafikk
Kart
Angosturabrua
8°08′40″N 63°35′53″W / 8.1444444444444°N 63.598055555556°W / 8.1444444444444; -63.598055555556

Brua er utforma av den lokale ingeniøren Paul Lustgarten og vart opna den 6. januar 1967 av president Raul Leoni. Då ho stod ferdig var ho var den første moderne hengjebrua i Sør-Amerika. Ho bind saman delstaten Bolívar med Anzoátegui. I november 2006 vart Orinocobrua ved Ciudad Guayana opna, fram til då var Angosturabrua einaste brua over Orinoco.