Angvik er ei bygd i Gjemnes kommune på Nordmøre, med om lag 300 ibuarar. Bygda ligg på vestsida av Tingvollfjorden og sokna fram til 1960-talet til Tingvoll kommune. Riksveg 666 og riksveg 665 passerer gjennom bygda. Til Molde er det 54 kilometer bilveg. Angvik skule er barneskule for indre delar av Gjemnes kommune. Elevane kjem frå bygdene/grendene Angvik, Fagerlia, Flemma, Heggem og Hoem. Bygda har barnehage og bedehus.

Angvik
bygd
Land  Noreg
Kart
Angvik
62°53′36″ N 8°5′19″ E

Stadnamnet Angvik, lokalt uttala Angvikja (dativ; angvikjen), er avleidd gammalnorsk angr; trang fjord.

Kjelder endre

  • Norsk Allkunnebok. I. Bandet. 1949.