Anholt
Anholt er ei dansk øy i Kattegat. Øya er 21,75 km² stor og har 160 fastbuande, men folketalet aukar om sommaren når mange turistar vitjar øya. Ein kan nå Anholt med ferje frå Grenå og er ein del av Norddjurs kommune.
Anholt | |
---|---|
Den største ørkenen i Nord-Europa | |
Geografi | |
Stad | Kattagat |
Koordinatar |
|
Areal | 21,75 km²
|
Høgaste punkt | Sønderbjerg (48 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Norddjurs
|
Demografi | |
Folketal | 160
|
Øya er kjend som Nord-Europas største ørken, eit resultat av vidstrekt hogst i samband med gjenoppbygginga av den danske marinen etter at Danmark under Napoleonskrigane i 1807 tapte sjøflåten til Storbritannia. No vert det brukt ressursar på å verne det unike landskapet på øya, og å motverke erosjon.
På den austlege delen av øya finst ein av dei største sel-koloniane i Danmark. Store delar av øya er no freda.
Dei høgaste punkta på Anholt er Sønderbjerg på 48 moh. og Nordbjerg på 39 moh.
Busetnaden på Anholt er stort sett samla i Anholt by. Her ligg mellom anna Anholt kyrkje, frå 1819.
Anholt har ei liten flyplass utan mannskap, med ruteflysamband til Roskilde.