Kattegat er ei bukt i Nordsjøen som ligg mellom Jylland i Danmark og den svenske vestkysten. Havområdet er om lag 28.000 km², og inneheld øyar som Æbelø, Læsø, Samsø og Hesselø.

Kart som syner Kattegat, Skagerrak og landet kring.

Geografi endre

I nord går Kattegat over i Skagerrak og i sør leiar Øresund, Storebælt og Lillebælt til Austersjøen. Sjælland og Fyn er grenseøyar i aust.

På dansk side dannar Grenen ved Skagen grensa mellom Kattegat og Skagerrak. Derfrå trekker ein grenselinja austover til Marstrand i Sverige. Grensa mellom Kattegat og Øresund vert drege som ei line mellom Gilbjerg Hoved ved GillelejeSjælland (det nordlegaste punktet på Sjælland) og Kullen i Höganäs kommun på nordvestkysten av Skåne i Sverige.

Miljø endre

I 2004 vart Kattagat, saman med 146 andre område i verdshava, peika ut som ein "daud sone" av FN sitt miljøprogram, UNEP. Mykje tilføring av nitrogen har ført til oksygenmangel for livet i havområdet.

Etymologi endre

Namnet Kattegat kjem frå det nautiske uttrykket katt, om ein trong passasje, og gat, som tyder hòl. Sidan det finst fleire store grunner i Kattegat, vart bukta rekna som særs vanskeleg å segla i.