Anita Dunfjeld Aagård

Anita Dunfjeld Aagård (fødd 1974) er ein sørsamisk lærar på Åarjel-saemiej skuvle i Snåsa. Ho gjekk sjølv på Sameskolen, og har lærarutdanning frå Bodø lærarhøgskole og NTNU, og mellomfag i sørsamisk frå Universitetet i Tromsø.

Dunfjeld Aagård har som lærar og pedagog stått for eit paradigmeskifte i den sørsamiske utdanninga, frå eit system der sørsamisk var studieemne nokre timar i veka, med norsk som undervisningsspråk, til eit system der sørsamisk sjølv er undervisningsspråk. Ho var også sentral i revitaliseringsrørsla for sørsamisk blant unge sørsamisk frå og med 1990-talet og framover (jf. Johansen 2006 for ei framstilling).

KjelderEndra

BibliografiEndra

  • Aagård, Anita Dunfjeld , Liv Karin Joma og Åse Klemensson 2013: Gïeline åahpenidh 4: lohkemegærja, barkoegærja. Oslo: Tanum
  • Aagård, Anita Dunfjeld , Liv Karin Joma og Åse Klemensson 2014: Gïeline åahpenidh 3b: lokhemegærja, barkoegærja. Oslo: Tanum
  • Aagård, Anita Dunfjeld , Liv Karin Joma og Åse Klemensson 2015: Gïeline åahpenidh 5: lohkemegærja, barkoegærja. Oslo: Tanum
  • Fyhn, Anne Birgitte, Maja Dunfjeld, Anita Dunfjeld Aagård, Per Eggen og Tone Larsen 2015: Utforsking av tradisjonell sørsamisk ornamentikk. Tangenten 3/2015.
      Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.