Mellomfag er eit tidlegare omgrep som blei brukt om eit fag som ein hadde teke 90 studiepoeng i. Dette tilsvara då 1,5 år studietid dersom ein tok ei årseining (60 studiepoeng) om gongen. Til dømes: Ein årseining, dvs 60 studiepoeng i matematikk ville gje eit grunnfag. 90 studiepoeng ville gje eit mellomfag.

Etter mellomfag kunne ein ta hovudfag, i eit fag der ein allereie hadde mellomfag. Hovudfag utgjorde 120 studiepoeng i tillegg til dei 90 frå mellomfaget.

Som ein del av Bologna-prosessen blei gradssystemet i Noreg lagt om, og ein har i staden eit system med bachelorgrad og mastergrad.