Sjå òg Anjuj i Khabarovsk kraj.

Anjuj (russisk Анюй) er ei elv i Tsjukotka og Sakha i Russland og ei av sideelvane til Kolyma frå høgre. Elva er 738 km lang og har eit nedslagsfelt på 107 000 km². Elva har ei middelvassføring på 650 m³/s.

Anjuj
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 107 000 km²
Lengd 738 km
Middelvassføring 650 /s
Munning Kolyma
Kart
Anjuj i Sakha
68°27′43″N 160°48′11″E / 68.4619°N 160.803°E / 68.4619; 160.803

Anjuj munnar ut i deltaområdet til Kolyma, berre om lag 100 km frå munningen til sjølve Kolyma. Anjuj oppstår der elvane Bolsjoj Anjuj og Malyj Anjuj renn saman, like før Anjuj munnar ut i Kolyma. Sjølve Anjuj er derfor i røynda ikkje meir enn om lag 20 km lang.

Anjuj kan vere islagd i opp til ni månader av året. Området er dekt av tundra, myrer og små innsjøar.

Kjelder endre