Kolyma (russisk Колыма) er ei elv nordaust i Sibir, som renn gjennom republikken Sakha, Tsjukotka autonome okrug, og Magadan oblast i Russland. Elva er 2129 km lang og har eit nedslagsfelt på 643 000 km².

Kolyma
elv
Debin gjennom morgontåka over Kolyma i 2004
Land  Russland
Nedslagsfelt 643 000 km²
Lengd 2 129 km
Munning Aust-Sibir-havet
Kart
Kolymaelva
62°17′31″N 147°43′57″E / 62.2919°N 147.7325°E / 62.2919; 147.7325
Nedslagsfeltet til Kolyma
Nedslagsfeltet til Kolyma
Nedslagsfeltet til Kolyma
Wikimedia Commons: Kolyma River

Elva spring ut i fjella nord for Okhotsk og Magadan i området rundt 62°N 149°E / 62°N 149°E / 62; 149 og munnar ut i Kolymabukta (Kolymskij Zaliv) i Aust-Sibir-havet ved 69°30′N 161°30′E / 69.500°N 161.500°E / 69.500; 161.500.

Kolyma er dekt av eit fleire meter tjukt islag om lag 250 dagar av året og er berre isfri frå tidleg i juni til oktober.

Historie endre

I 1892-1894 gjorde Baron Eduard Von Toll geologiske undersøkingar i området rundt Kolyma, samt fleire andre store elvar i Sibir, på vegner av Det russiske vitskapsakademiet. I løpet av eitt år og to dagar dekte ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp og ned elvar, medan dei gjorde geodesiske undersøkingar.

Kolyma er kjend for gulagen som låg her, og for gullgraving. Etter at arbeidsleiren stengde har den lokale industrien og kommunikasjonen nesten forsvunne og mange folk har flytta frå området. Dei som er att lever hovudsakleg av fiske og jakt.

Kolyma-munningane endre

Dei siste 75 kilometrane av Kolyma deler ho seg i to store greiner. Det er mange øyar i munningen av Kolyma før ho møter Aust-Sibir-havet. Dei største av desse er:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre