Opna hovudmenyen

Ann Jansson (fødd 1. juli 1958) er ein svensk tidlegare kappgjengar som vann sølvmedaljen på 10 km under EM i friidrett 1986.

Jansson gjekk i 1981 ein kilometer på 47.58,2, ei tid som IAAF godkjende som verdsrekord. Året etter forbetra ho verdsrekorden til 47.49,3. Perioden 1981-87 var Jansson den beste kvinnelege kappgjengaren i Norden og sanka desse åra sju nordiske meistertitlar. Den fyrste meistertittelen sikra ho seg på Frøya laurdag 25. juli 1981, der ho vann med ein margin på 15 sekundar til norske Frøydis Hilsen.

Høgdepunktet for Jansson kom då ho under europameisterskapen 1986 i Stuttgart gjekk inn til sølvmedalje på 10 km, fem sekundar bakom Mari Cruz Díaz frå Spania og like langt framom si eiga landskvinnne Siv Gustavsson på bronseplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • 1981: Nordisk meisterskap på Frøya: Gullmedalje på 5 km – 23.56
  • 1983: Nordisk meisterskap i København: Gullmedalje på 10 km – 48.27
  • 1985: Nordisk meisterskap i Pori: Gullmedalje på 5 km og 10 km – 22.17 og 46.39
  • EM i friidrett 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje på 10 km – 46.14
  • 1987: Nordisk meisterskap i Gimo: Gullmedalje på 5 km – 22.06
  • VM i friidrett 1987 i Roma: Nr 11 på 10 km – 46.15

KjelderEndra