Ann Solveig Nystad
Ann Solveig Nystad (fødd 27. mai 1961) er ein norsk salmediktar og politikar. Nystad har skrive ein salme i Salmer 1997 og Norsk salmebok 2013. I Stortingsvalet 2017 var ho Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat i Finnmark.[1]
Ann Solveig Nystad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mai 1961 (63 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Politisk parti | Kristeleg Folkeparti |
Mor | Astrid Johnskareng |
Nystad var Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat til Sametingsvalet 2009, utan å bli vald inn. Ho var samisk representant ved Kyrkjemøtet i 2008, og sat i Nord-Hålogaland bispedømmeråd frå 2006 til 2010.[2]
Ho var òg redaktør for bladet Nuorttanaste frå 1992 til 2003.
I 2016 gav ho ut diktsamlinga Nugo beaivvit leat saman med Astrid Johnskareng.
Referansar
endre- ↑ valg.no Vallister og kandidatar 2017
- ↑ «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. april 2010. Henta 4. september 2010. Oversikt over representanter.
- Denne artikkelen bygger på «Ann Solveig Nystad» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2019.