Opna hovudmenyen

Kyrkjemøtet er det øvste representative organet i Den norske kyrkja.

Kyrkjemøtet skal arbeide for saker av felles kyrkjeleg karakter og elles for alt som tener det kristelege livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeidet innan Den norske kyrkja. Kirkemøtet skal òg verne og fremje samisk kyrkjeliv og ivareta dei internasjonale og økumeniske oppgåvene til Den norske kyrkja.

Kyrkjemøtet var lovfesta i 1984 og har 86 medlemmer, jf § 24 i kyrkjelova:

Kyrkjemøtet fekk ved kronprinsregentens resolusjon i 1990 delegerert mynde til å vedta liturgiske reglar for Den norske kyrkja, herunder bl.a. innhaldet i altarboka og salmeboka reglar for bruk av kyrkjene.

Kyrkjemøtet vert samla ein gong i året. Samlinga varer gjerne ei veke.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon