Anna McGarrigle
Anna McGarrigle (fødd 4. desember 1944) er ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som spelte mykje i lag med systera Kate McGarrigle, som døydde i 2010.[1][2]
Anna McGarrigle | |||
| |||
Fødd | 4. desember 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montreal i Quebec i Canada | ||
Aktiv | Sidan 1970 | ||
Sjanger | Folk | ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | *Kate & Anna McGarrigle | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar | ||
Mor | Gabrielle Latrémouille | ||
Far | Frank McGarrigle | ||
Gift med | Dane Lanken | ||
Prisar | medlem av Order of Canada, compagnon av Ordre des arts et des lettres du Québec |
I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen.[3] Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four.[3] Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.[3]
McGarrigle var òg låtskrivar. Songen hennar «Heart Like a Wheel» var tittelsporet på Linda Ronstadt-albumet frå 1974, og songen hennar «Cool River» vart spelt inn av Maria Muldaur.[4]
I 2016 skreiv Anna og den eldre systera Jane ei bok i lag, Mountain City Girls.[5]
Diskografi
endre- Kate & Anna McGarrigle (1976)
- Dancer with Bruised Knees (1977)
- Pronto Monto (1978)
- Entre Lajeunesse et la sagesse (1980)
- Love Over and Over (1982)
- Heartbeats Accelerating (1990)
- Matapédia (1996)
- The McGarrigle Hour (1998)
- La vache qui pleure (2003)
- The McGarrigle Christmas Hour (2005)
- ODDiTTiES (2010)
- Tell My Sister (2011)
- Sing Me the Songs: Celebrating the Works of Kate McGarrigle (2013)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anna McGarrigle» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Betty Nygaard King (16. desember 2013). «McGarrigle, Kate and Anna». The Canadian Encyclopedia. Historica Canada. Henta 111. november 2020.
- ↑ Clarkson, Adrienne (5. november 2004). «Speech on the Occasion of the Presentation of the Governor General's Performing Arts Awards». Archive.gg.ca. Henta 24. januar 2010.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Lanken, Dane (2007). Kate and Anna McGarrigle Songs and Stories. Canada: Penumbra Press. ISBN 18-9732-304-2.
- ↑ «Heart Like A Wheel». Rolling Stoone, 16. januar 1975, By Stephen Holden
- ↑ «Jane and Anna McGarrigle talk sisterhood». Homerun, CBC Radio, Mar 16, 2016