Kate McGarrigle
canadisk låtskrivar og songar
Kate McGarrigle (6. februar 1946–18. januar 2010)[2][3] var ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som var ein del av ein duo med systera Anna McGarrigle.[4][5]
Kate McGarrigle | |||
McGarrigle i 2008 | |||
Fødd | 6. februar 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montreal,[1] Quebec i Canada | ||
Død | 18. januar 2010 (63 år) | ||
Dødsstad | Montreal i Quebec i Canada | ||
Opphav | Canada | ||
Aktiv | 1970–2009 | ||
Sjanger | Folk | ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | *Kate & Anna McGarrigle | ||
Verka som | Musikar, visesongar | ||
Mor | Gabrielle Latrémouille | ||
Far | Frank McGarrigle | ||
Gift med | Loudon Wainwright III | ||
Born | Rufus Wainwright, Martha Wainwright | ||
Prisar | medlem av Order of Canada |
Ho er mor til songaraneRufus Wainwright og Martha Wainwright frå ekteskapet hennar med den amerikanske visesongaren Loudon Wainwright III, som enda i skilsmisse.[4][6]
I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen.[7] Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four.[7] Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.[7]
McGarrigle døydde av kreft i 2010.
Diskografi
endre- Kate & Anna McGarrigle (1976)
- Dancer with Bruised Knees (1977)
- Pronto Monto (1978)
- Entre la jeunesse et la sagesse (1980)
- Love Over and Over (1982)
- Heartbeats Accelerating (1990)
- Matapédia (1996)
- The McGarrigle Hour (1998)
- La vache qui pleure (2003)
- The McGarrigle Christmas Hour (2005)
- ODDiTTiES (2010)
- Tell My Sister (2011)
- Sing Me the Songs: Celebrating the Works of Kate McGarrigle (2013)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kate McGarrigle» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- ↑ «Obituary for Kate McGarrigle». Wtopnews.com. 19. januar 2010. Arkivert frå originalen 11. oktober 2007. Henta 21. november 2020.
- ↑ «Order of Canada award». Archive.gg.ca. 30. april 2009. Arkivert frå originalen 8. januar 2016. Henta 21. november 2020.
- ↑ Obituary at CBC News Arkivert 18. desember 2019 ved Wayback Machine., 19. januar 2010
- ↑ 4,0 4,1 Tucker, Ken (19. april 1998). «Rufus, Son of Loudon, and His Take on Love – Biography». Nytimes.com. Arkivert frå originalen 27. oktober 2017. Henta 21. november 2020.
- ↑ Russell, Tony (19. januar 2010). «Kate McGarrigle obituary». The Guardian (London, England). Arkivert frå originalen 12. desember 2016. Henta 21. november 2020.
- ↑ «Relative Values: Kate McGarrigle and Rufus Wainwright». The Sunday Times (London, Storbritannia). 17. oktober 2004. Arkivert frå originalen 9. februar 2019. Henta 21. november 2020.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Lanken, Dane (2007). Kate and Anna McGarrigle Songs and Stories. Canada: Penumbra Press. ISBN 18-9732-304-2.