Anna Veith
Anna Veith (fødd Fenninger, 18. juni 1989) er ein austerriksk alpin skirennar frå Adnet i forbundslandet Salzburg. Ho vann verdscupen i alpine greiner 2014 og tok gullmedaljen i superkombinasjon under VM i alpine greiner 2011. Fenninger vart olympisk meister i super-G under Vinter-OL 2014 i Sotsji og verdsmeister i same øvinga i alpint-VM året etter.
Anna Veith | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 18. juni 1989 (35 år) Hallein |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anna Fenninger» frå Wikipedia på tysk, den 3. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- «Anna Fenninger-Veith». olympedia.org. Henta 25. oktober 2022.Denne idrettsartikkelen som har med Austerrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.