Anne-Lisa Amadou
Anne-Lisa Amadou (4. mars 1930–19. mars 2002) var ein norsk litteraturforskar og litterær omsetjar frå Oslo.[1][2] Ho var professor i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1982. Ho vart dr.philos. på avhandlinga Dikteren og hans verk. En studie i Marcel Prousts estetikk frå 1966.
Anne-Lisa Amadou | |||
Fødd | 4. mars 1930 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mars 2002 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, omsetjar, professor, litteraturhistorikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Robert Amadou |
Amadou gjorde eit viktig arbeid som omsetjar og kulturformidlar.[3] Ho mottok ei rekkje prisar for si omsetjing av Proust sin romanserie På sporet av den tapte tid I-XII (1963–92), blant anna Bastianprisen, Fritt Ords pris[4] og Norsk kulturråds omsetjarpris. Ho vart også tildelt den franske ordenen Palmes Académiques.[5]
Verk
endre- 1965: Dikteren og hans verk - en studie i Marcel Prousts estetikk om Marcel Proust
- 1970: Tartuffes ansikt og andre essays om Molière
- 1978: Elleve franske romanstudier om Marcel Proust
- 1994: Å gi kjærligheten et språk om Sigrid Undset
Kjelder
endre- ↑ «Anne-Lisa Amadou (1930–2002)». Oversetterforeningen (på norsk bokmål). 19. juni 2018. Henta 17. mars 2021.
- ↑ «Anne-Lisa Amadou, 1930–2002» (på norsk bokmål). Norsk Oversetterleksikon. 12. juni 2018. Henta 17. mars 2021.
- ↑ «Anne-Lisa Amadous oversetterverk». morgenbladet.no (på norsk bokmål). 28. juni 2002. Henta 17. mars 2021.
- ↑ «Fritt Ords Honnør 1984 | Anne-Lisa Amadou». Fritt Ord (på norsk bokmål). 1984. Henta 17. mars 2021. «For hennes arbeid med å oversette til norsk Marcel Prousts romansyklus På sporet av den tapte tid.»
- ↑ «Dødsfall», Aftenposten, 2. april 2002, s. 11.
- Denne artikkelen bygger på «Anne-Lisa Amadou» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Anne-Lisa Amadou hos Norsk biografisk leksikon (snl.no)
- Anne-Lisa Amadou hos Norsk Oversetterleksikon