Fransk litteratur

Fransk litteratur omfattar hovudsakleg verk skrivne på fransk og eldre former av språket. Frankrike har ein ubroten litterær tradisjon som går tilbake til 1100-talet, men byrjinga på eit fransk skriftspråk fann stad allereie på 800-talet.

Opphav endre

Strasbourg-eidane frå 842, som var gjevne av Karl den skalla og Ludvig den tyske, inneheld tekst på latin, gallo-romansk og frankisk, og er rekna som den første teksten på eit romansk språk som ikkje er latin. Eulalia-sekvensen frå rundt 880 er rekna som den første litterære teksten på eit romansk språk anna enn latin. Denne er inspirert av eit latinsk dikt om heilage Eulalia av Mérida, og ender med ei bøn.

Mellomalderen endre

 
Side frå Les miracles Nostre Dame av Gautier de Coincy, skrive på vers mellom 1214 og 1236. Denne utgåva er frå 1328-1332.

Dei første litterære tekstane på tidleg fransk er helgenlegender og dikt over bibelske motiv. Desse oppstod i eller kring kloster. Av legendene kan ein framheva Aleksissongen, ein av dei eldste gammalfranske tekstane. Den seinare heltediktinga, les chansons de geste, blei truleg også skapt av geistlege. Emnet for heltedikta er kampen mot dei vantru og truskap mot Gud og lensherren. Rolandskvadet, om Karl den store og den tapre riddaren Roland, er det mest berømte av desse, og er truleg frå byrjinga av 1100-talet.

 
Illustrert side frå Livre du cœur d'Amour épris, ein allegorisk roman av René d'Anjou og illuminert av Barthélemy d'Eyck (1457).

Kjærleik utgjer hovudtemaet i dei høviske romanane (les romans courtois). Desse blei også skrivne på vers, men ikkje sungne slik som heltedikta. Ein deler vanlegvis desse inn i tre syklusar: den antikke syklusen med heltar som Alexander og Aeneas, Arthur-syklusen om kong Arthur, riddarane av det runde bord og jakta på den heilage gralen, og Tristan-syklusen, der kjærleiken mellom Tristan og Isolde er hovudtemaet. Fleire av dei mest kjende høviske romanane er tilskrivne Chrestien de Troyes.[1]

Trubadurdiktinga oppstod i Provence, der hoffkulturen blomstra, og breidde seg derfrå til resten av Frankrike og Europa. Denne diktforma nådde eit høgdepunkt i siste halvdel av 1100–talet, med Vilhelm av Poitiers, Jaufré Rudel, grev Raimbaut d'Orange og Bertrand de Born som dei viktigaste representantane.[1]

Den første kvinnelege diktaren ein kjenner frå Frankrike var Marie de France (1100-talet), som skreiv fablar og forteljingar på vers (lais). Det oppstod ei rik fabeldikting, satirisk-didaktiske forteljingar om dyr, der den best kjende er Le Roman de Renart ('Reveromanen'). Les fabliaux er muntre forteljingar på vers, ofte erotiske og fulle av utfall mot adelsmenn, prestar og munkar. På 1200-talet slo den allegoriske diktinga gjennom, der abstrakte omgrep opptrer som personar. Hovudverk frå denne tida er Le Roman de la Rose, som består av to svært ulike delar, skrivne av høvesvis Guillaume de Lorris og Jean de Meung.[1]

Dramaet utvikla seg frå kyrkjeleg kultus, der ein ønskte å illustrera bibelsoga. Det blei oppført liturgiske drama i sjølve gudshuset, etterkvart blei det også spelt religiøse stykke utanfor kyrkja som blei kalla «mysterium» og «mirakel». Mysteriespela kunne vera enorme verk på opptil 45 000 verselinjer. Slike stykke blei spelt i Frankrike frå 1100-talet, men dei fekk særskild utbreiing og popularitet på 1400- og 1500-talet. Moralitetane var allegoriske og moraliserande spel, både alvorlege og av lettare art. På 1200-talet skreiv Adam de la Halle Robin et Marion, som er blitt kalla det første komiske syngespel. Farsar og soties hadde ofte eit politisk poeng, som Advokat Patelin frå 1400-talet.[1]

I overgangen mellom mellomalder og renessanse trer ein del individuelle diktarpersonlegdommar klarare fram. Charles d'Orléans (1391–1445) skreiv kjærleiksdikt prega av smak og raffinement. François Villon sin lyrikk er særs personleg, og speglar eit splitta sinn. Clement Marot sin poesi er lett og elegant, men samstundes prega av ideal frå protestantismen.[1]

Renessansen og barokken endre

 
Dikt til ei flaske av Rabelais.

Under Ludvig XII og Frans I var Frankrike sterkt påverka av italiensk åndsliv. Italienske lærarar kom til Frankrike, ein studerte veltale, estetikk og gresk. Dei humanistiske disiplinane blei utvikla uavhengig av teologien og ofte trass i protest frå kyrkja. Greske bøker blei gjevne ut i Paris og Lyon. Frans I stimulerte dei nye studia, gav ordre om omsetjingar av antikke verk og grunnla Collège de France i 1530, der det blei undervist i gresk, latin og hebraisk. Det fekk også stor tyding at han lét fransk overta for latin som det offisielle språket for administrasjonen. Lyon ble eit sentrum for litteratur og lærdom. Fremst blant dei lærde stod gresk-filologen Guillaume Budé (1468–1540) og Jacques Amyot, som omsette Plutark. Den viktigaste diktaren frå Lyon-skulen er Maurice Scève; men også de kvinnelige diktarane Pernette du Guillet og Louise Labé gjorde seg gjeldande.[1]

Dei leiande prosaforfattarane under renessansen var François Rabelais og Michel de Montaigne. Montaigne skapte essay-forma, og framstår både som stoisk idealist og skeptisk livsnytar.[1]

Slutten av 1500- og byrjinga av 1600-talet er tida for den barokke litteraturen i Frankrike. Blant dei mest kjente diktarane kan ein nemna Jean de Sponde, Théophile de Viau, Girard de Saint-Amant, Tristan l'Hermite (1601–55) og Pierre Le Moyne. På denne tiden utvikla den presiøse diktinga seg, og det oppstod ei rekke litterære salongar. I salongane spelte kvinnene ei sentral rolle, og ein diskuterte moralske og sosiale spørsmål på ein fordomsfri måte. Ei av dei litterære laga som stod i opposisjon til dei presiøse blei gjeve statleg vern av Richelieu og omdanna til L'Académie Française i 1635. Her blei det utforma eit syn på litteraturen som peikte frem mot den franske klassisismen. Honoré d'Urfé sin hyrderoman L'Astrée fekk stor påverknad både på livet i salongane og på den vidare utviklinga av fransk litteratur.[1]

Klassisismen endre

 
Illustrasjon til Andromaque (1667) av Jean Racine, i ei utgjeving frå 1676.

1600-talet blir ofte kalla le grand siècle ('det store hundreåret') i fransk kultur. Diktarane i denne perioden forma den franske klassisismen ved å distansera seg frå barokken og følgja ideal foma av klarleik, naturlegheit og måtehald. Forfattarane byrja studera litteratur frå antikken att, ikkje minst dei teoretiske skriftene frå antikken, som Aristoteles og Horats. Den rasjonalistiske filosofien til René Descartes var med på å leggja grunnlaget for den vitskapleg blomstringa i samtida. I Pensées uttrykte Blaise Pascal spaningstilhøvet mellom truslivet, fornuften og det mennesket er tilbøyeleg til. François de Malherbe var eit førebilde for dei klassisistiske diktarane. I lærediktet L'Art Poétique oppsummerte Nicolas Boileau prinsippa som låg til grunn for klassisismen.[1]

Klassisismen var ei stordomstid for fransk teater. Strenge reglar utforma av teoretikarar som Jean Chapelain og François d'Aubignac viste seg å vera fruktbare. Tragedieforfattarane Pierre Corneille og Jean Racine er blant dei største namna innan europeisk dramatikk. Skaparen av den klassiske komedien var Molière, som mellom anna fekk stor tyding for dansk-norske Ludvig Holberg.[1]

Også andre sjangerar var rikt representert; ein hadde moralistar og karakterskildrarar som Nicole, La Rochefoucauld og La Bruyère, memoarforfattaren Saint-Simon og Madame de Sévigné, som skreiv brev av høg litterær kvalitet. Dyrefablane til La Fontaine blir framleis lesne. Madame de La Fayette sine nyskapande romanar er prega av psykologisk realisme og av eit pessimistisk syn på mennesket og kjærleiken. Teologar som Jacques Bossuet og François de Fénelon har også plass i fransk litteratur, den første med sine preiker og gravtalar, den andre særleg med sine skrifter med pedagogisk innhald.[1]

Mot slutten av 1600-talet oppstod striden mellom «dei gamle» og «dei nye». Ei rekkje forfattarar reagerte mot dyrkinga av antikken som hadde prega klassisismen. Dei hevda at deira eiga tid hadde oppnådd resultat, både innanfor naturvitskap og innanfor litteratur, som overgjekk førebilda frå oldtida. Denne patriotiske og nasjonalistiske haldninga hadde rot i ideologien frå eineveldet, men blei samtidig ein føresetnad for den framstegstru og evolusjonistiske tankegangen som skulle prega opplysingstida. Dei viktigaste talsmennene for «dei nye» var Charles Perrault og Bernard de Fontenelle. I dag hugsar ein Perrault best for si samling av franske folkeeventyr, 'Gåsemor fortel', som var med på å førebu romantikken i Frankrike. Madame d’Aulnoy innførte samstundes nemninga «eventyr» (conte de fées) på fransk. Boileau, Racine og La Bruyère forsvarte antikken og framheva tydinga til tradisjonen, men også dei var med på å førebu den nye tida, opplysingstida.[1]

Opplysingstida endre

Voltaire er blitt ståande som den typiske opplysingsfilosofen. Litterært sett var han konservativ; han skreiv epos og prøvde halda liv i tragedien, men han er best kjent for sine satiriske romanar og forteljingar, for kyrkjekritikken sin og for kampen for religiøs toleranse. Han fekk også tyding ved å popularisera filosofiske og vitskaplege idear som i stor grad kom frå Dei britiske øyane. Charles de Montesquieu hevda at kulturlivet var avhengig av historiske, klimamessige og sosiologiske høve. Læra hans om maktfordelingsprinsippet fekk mykje å seia for utviklinga av europeisk demokrati. Den største hendinga innan det litterære og filosofiske livet var l'Encyclopédie, som blei gjeven ut frå midten av 1700-talet. Hovudredaktør for dette gigantiske og omstridde leksikonet var Denis Diderot, medan nokre bidragsytarar var Jean d'Alembert, Claude-Adrien Helvétius og Paul d'Holbach som alle var tilhengjarar av erfaringsfilosofien, materialistar og sterkt kritiske til kristendommen.[1]

Både romanen og dramaet gjekk gjennom ei fornying i første halvdel av 1700-talet. Av romanforfattarar kan ein nemna Lesage og l'abbé Prévost, i tillegg til Diderot, som påverka sjangeren gjennom sine humoristiske og samtidskritiske romanar. Pierre de Marivaux skreiv en interessant utviklingsroman og elegante kjærleikskomediar, og Diderot skapte ein ny sjanger: Det borgarlege, sentimentale dramaet. Frå slutten av hundreåret var Pierre de Beaumarchais ein viktig komedieforfattar og Pierre Choderlos de Laclos ein romanforfattar. Også den svært kontroversielle Donatien, marki de Sade, var ein leiande fransk forfattar i samtida.[1]

Romantikken endre

 
Illustrasjon til Julie ou la Nouvelle Héloïse av Rousseau.

Ein av dei første som vende seg mot den einsidige dyrkinga av fornufta og av det materielle framsteget, var Jean-Jacques Rousseau. Han hevdast at sivilisasjon og vitskap hadde øydelagd menneskenaturen, som var fundamentalt god. Det pedagogiske verket hans Émile fekk stor innverknad. I politiske skrift som Samfunnspakten drøftar Rousseau korleis mennesket som samfunnsvesen kan halda på mest mogleg av sin naturgjevne fridom og sjølvstende. Hans Bekjennelser fekk avgjerande tyding for framveksten av den sjølvbiografiske litteraturen. Forfattarskapen til Rousseau fekk mykje å seia for den franske revolusjonen og for utviklinga av demokrati på 1800-talet.

Romanforfattaren Bernardin de Saint-Pierre følgde i spora til Rousseau. Ideane hans blei vidareførte av Germaine de Staël, som henta inn impulsar frå den tyske romantikken, og var ein av dei mest framtredande tidlege romantiske forfattarane, med romanane Delphine (1802) og Corinne ou l'Italie (1807). François René Chateaubriand er likevel den første store romantikaren i fransk litteratur. I 1802 gav han ut det halvt teoretiske, halvt diktariske verket Le Génie du christianisme, som mellom anna inneheldt dei to romantiske kortromanane Atala (1801) og René (1802). Han er kjend for si begeistring for mellomalderen og sine lyriske naturskildringar, og ikkje minst for erindringane sine, som kom ut posthumt i perioden 1848–50. Lyrikaren André Chénier var ein av dei viktigaste forløparane for den romantiske poesien.[1]

 
Éponine og Marius. Illustrasjon til Les Misérables av Victor Hugo.

Romantikken utvikla seg seinare i Frankrike enn i Tyskland og Storbritannia. Han nådde eit høgdepunkt i tida 1820–50. Den franske romantikken hadde ikkje eit så filosofisk preg som til dømes den tyske, men mange forfattarar var engasjert i den politiske debatten. Dei utopiske sosialistane Claude de Saint-Simon og Charles Fourier og den religiøse og radikale Félicité de Lamennais hadde ein god del samfunnsinnverknad. Mange av diktarane tok del i det politiske livet, som Chateaubriand, Benjamin Constant, Alphonse de Lamartine og Victor Hugo. Constant såg på seg sjølv meir som ein politisk tenkjar enn som ein forfattar, men for ettertida er han best kjent for den utprega romantiske romanen Adolphe (1816). Tenkjaren Auguste Comte, som føregreip positivismen, høyrer også til den franske romantikken.[1]

Viktige romantiske lyrikarar er Lamartine, Hugo, Alfred de Vigny og Alfred de Musset. Lyrikken til Gérard de Nerval blei først anerkjend under symbolismen. Han var sterkt påverka av tysk åndsliv, og oppteken av det skjøre skiljet mellom draum og røyndom. Mange romantiske diktarar var særleg opptekne av det makabre og uhyggelige, som Charles Nodier og ikkje minst Aloysius Bertrand, som særleg er kjend for den posthume prosadiktsamlinga Gaspard de la Nuit (1842), og seinare Lautréamont, som fekk gjeve ut det lange prosadiktet Les Chants de Maldoror i 1868. Desse var lite påakta i samtida, men fekk stor tyding som inspiratorar for surrealismen.[1]

Victor Hugo var betydeleg både som lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Han ville avskaffa det strenge klassiske skiljet mellom tragedie og komedie. I forordet til skodespelet Cromwell (1827) teikna han rammene for ein ny sjanger; det moderne dramaet. Det skulle vera som livet sjølv, ei blanding av glede og sorg. Personane skulle vera levande vesen, plassert i historia og i det ytre miljøet; teateret skulle gje eit heilskapleg bilde av verda, og vise både dei groteske og dei sublime sidene ved henne. Romanane til Hugo er prega av romantisk fantasi og engasjement, og for seinare publikum er han best kjend for romanane Notre-Dame de Paris (1831; Ringeren fra Notre-Dame) og Les Misérables (1862; De elendige). Prosper Mérimée er best kjent for novellene sine, og ikkje minst som forfattaren av Carmen (1847). Også Alexandre Dumas d.e., som er kjend for sine spaningsforteljingar, er ein typisk representant for fransk romantikk.[1]

Dei store romanforfattarane Stendhal, Honoré de Balzac og George Sand peika alle frem mot realismen. Gjennomgåande tema hjå Stendhal er den bevisste erobringa av lukka og tilhøvet mellom medvitet og kjenslelivet. Han er best kjend for romanane Le Rouge et le Noir (1830; Rødt og svart) og La Chartreuse de Parme (1839; Kartusianerklosteret i Parma), men skreiv også essay om kjærleiken og teateret, reiseskildringar og sjølvbiografiske tekstar.[1]

Realisme endre

 
Karikatur av Leconte de Lisle frå Les Hommes d'Aujourd'hui.

Ved midten av 1800-talet oppstod realismen, dels som reaksjon mot subjektivismen og dyrkinga av individuelle kjensleliv i romantikken. Romandiktinga skulle no rettast mot den sansbare verda, mot samtida og kvardagslivet. Leiarane for «den realistiske skulen» i litteraturen var Jules de Champfleury, som i 1857 gav ut ei essaysamling med tittelen Le Réalisme, og Louis Émile Edmond Duranty, grunnleggjaren av tidsskriftet Réalisme. Det best kjende realistiske verket i fransk litteratur er Madame Bovary av Gustave Flaubert.[1]

Medan Flaubert søkte å gje ei nøytral skildring av verda og liva til menneska og samstundes skape litterær venleik, ville naturalistane påvisa årsakstilhøvet mellom sosiale og historiske faktorar og menneska sine kår og liv. Naturalistane skildra gjerne mislukka individ og sosial skeivskap. Dei hadde eit deterministisk livssyn, samtidig ville dei prøva å forbetra samfunnet. Forfattarar i brytingstida mellom realisme og naturalisme var brørne Edmond og Jules de Goncourt, som ville utvikla ein «impresjonistisk» litterær stil, i tillegg til Alphonse Daudet og Guy de Maupassant, som særleg er kjend for novellene sine. Den fremste og mest kjende naturalisten var Émile Zola. Han utarbeidde prinsippa for retninga, særleg i teoriverket Le Roman expérimental (1880). Han var også kjend for det politiske engasjementet sitt, særleg i samband med Dreyfus-saka.[1]

 
Sarah Bernhardt i rolla som Kameliadamen, ein roman og eit skodespel av Alexandre Dumas d.y. Illutrasjon av Alfons Mucha frå 1896.

Innan lyrikken var rørsla som var mest knytt til realismen det såkalla parnasset. Parnassianarane grupperte seg kring Leconte de Lisle, og såg på Théophile Gautier som sin føregangar. Dei mest kjente av denne gruppa er Sully Prudhomme og José Maria de Herédia. Desse framheva tydinga av nøyaktig iakttaking og skildring og bruk av historisk sanning. Dessutan la dei stor vekt på språk og metrikk. Parnassianarane var også talsmenn for l'art pour l'art, kunst for kunstens eiga skuld.[1]

Den desidert best kjente av dei realistiske dramatikarane er Alexandre Dumas d.y. Han debuterte som romanforfattar i 1848, med La Dame aux Camélias (Kameliadamen), som han skreiv om til eit skodespel med same namn i 1852.[1] Frå midten av 1800-talet skreiv Jules Verne fantastiske, men vitskapleg baserte bøker om reiser rundt heile verda og i verdsrommet som blei populære verda over.

Symbolismen endre

Opplesing av «L'Idole, ou sonnet du trou du cul» av Paul Verlaine og Arthur Rimbaud.

Mot slutten av 1800-talet oppstod symbolismen. Symbolistane ville skapa ei lyrisk, musikalsk stemningskunst og antyda sjelstilstandar språket vanlegvis ikkje makta å uttrykka. Charles Baudelaire fekk ei stor tyding for retninga. Han meinte at den moderne diktinga skulle vera ein suggestiv magi som på same tid romma objektet og skaparen. Med diktsamlinga Les Fleurs du mal (1857) er han blitt ståande som ein av dei mest nyskapande figurane i fransk litteratur. I den posthume prosadiktsamlinga Le Spleen de Paris (1869) finst nokre av de fremste storbydikta verdslitteraturen har å by på. Blant symbolistane finst nokre av dei viktigaste franske lyrikarane: den eksperimenterande Stéphane Mallarmé, den opprørske Arthur Rimbaud og den melodiøse Paul Verlaine. Som lyrikar står også Paul Valéry nær symbolismen.[1]

Den fremste dramatikaren frå symbolismen var belgiaren Maurice Maeterlinck, men også verka til Paul Claudel er prega av nærskylde ideal. Anatole France, ein ironikar og skeptikar som søkte tilbake til ideala frå opplysingstida, stod i direkte opposisjon til symbolismen.[1]

1900-talet endre

 
Husvegg måla til ære for Marcel Proust.

Dei to viktigaste romanforfattarane ved byrjinga av 1900-talet var Marcel Proust og André Gide. Proust sitt romanverk À la recherche du temps perdu (På sporet av den tapte tid) tek for seg forsøk på å halda fast på tida som ustanseleg flykter og går i oppløysing. Til romanforfattarane frå same generasjon høyrer også den radikale humanisten Romain Rolland, som særleg er kjend for romanserien Jean-Christophe (1904–12), og den ukonvensjonelle kvinnelivskildraren Sidonie-Gabrielle Colette.[1]

Paul Claudel sin dramatikk og lyrikk er prega av katolsk tru, men også av møtet med kultur frå Austen. Hovudverket hans, det omfattande dramaet Le Soulier de satin (1919–29, Satengskoen) har som han sjølv uttrykte det, heile verda som si scene. Lyrikaren og essayisten Charles Péguy utvikla seg frå sosialist og anarkist til ein udogmatisk kristen og ein brennende nasjonalist. Innan lyrikken oppstod det rundt første verdskrigen fleire skular: fantaisismen, unanimismen, dadaismen og futurismen. Alle desse retningane var med på å førebu surrealismen. Andre viktige forløparar for surrealismen var lyrikarane Lautréamont og Guillaume Apollinaire og dramatikaren Alfred Jarry.[1]

Surrealismen oppstod kring 1920 som ein reaksjon mot det overflatisk i realismen og mystikkeni symbolismen, og mot kaoset etter første verdskrigen. André Breton formulerte manifest for skulen, og er saman med Louis Aragon og Philippe Soupault rekna som grunnleggjar for rørsla. Mange av dei fremste lyrikarane frå dette hundreåret var i kortare eller lengre tid preget av retningen (som Paul Éluard, Jacques Prévert og René Char), men ikkje alle dei store lyrikarane frå denne tida lèt seg plassera innanfor ei bestemt retning (som Jules Supervielle, Saint-John Perse, Pierre Jean Jouve, Pierre Emmanuel og Francis Ponge). Blant prosaforfattarane som i tida før og etter den andre verdskrig vidareutvikla arva frå surrealismen var Georges Bataille, Raymond Queneau og Boris Vian.[1]

I første del av 1900-talet hadde katolisismen stor innverknad på fransk kulturliv (filosofane Jacques Maritain og Étienne Gilson, forfattarane François Mauriac, Georges Bernanos og Julien Green). Blant romanforfattarane i mellomkrigstida kan ein elles nemna naturalistane Roger Martin du Gard, Georges Duhamel og Jules Romains, aristokraten Henry de Montherlant og den Hamsun-inspirerte Jean Giono, kommunistane Louis Aragon og Paul Nizan, den fascistisk orienterte Pierre Drieu la Rochelle, i tillegg til Antoine de Saint-Exupéry og André Malraux, som understreka samanhengen mellom litteratur og samfunnsengasjement. Den kontroversielle Louis-Ferdinand Céline ønskte å skapa eit litterært språk basert på munnleg fransk.[1]

I byrjinga av hundreåret blomstra boulevardteateret og den lettare komedien. Seinare oppnådde humoristen Marcel Pagnol stor suksess både som dramatikar, romanforfattar og filmskapar. Jacques Copeau innleidde ei fornying av fransk scenekunst gjennom stiftinga av Le Théâtre du Vieux Colombier i 1923. Regissørane Louis Jouvet og Jean-Louis Barrault og skodespelaren og kritikaren Antonin Artaud betydde også mykje for moderne teater. Ein viktig dramatikar med rot i surrealismen var Roger Vitrac. Framifrå dramatikarar i mellomkrigstida var Jean Giraudoux og Jean Cocteau – sistnemnde også kjend som romanforfattar, filmskapar og biletkunstnar. Dei fleste av Jean Anouilh sine populære teaterstykke blei skrivne etter andre verdskrigen.[1]

I tida under og like etter andre verdskrigen sette eksistensialismen preg på fransk litteratur. Dei fremste representantane for denne skreiv både filosofiske og skjønnlitterære verk. Filosofien til Jean-Paul Sartre er blitt karakterisert som ein ateistisk humanisme: Mennesket utan Gud står åleine om val, ansvar og angst. Sartre orienterte seg etter kvart i retning av menneske- og historiesynet til marxismen. Albert Camus stod lenge nær Sartre, men bygde i motsetnad til han på ei førestilling om «menneskeleg natur» og var svært kritisk til kommunismen. Simone de Beauvoir høyrde også til eksistensialistane. Hennar hovudverk, Le deuxieme Sexe (1949), fekk avgjerande tyding for moderne feminisme. Blant kristne eksistensialistar kan ein nemna Gabriel Marcel og Emmanuel Mounier.[1]

 
Frå ei oppsetting av Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett ved Festival d'Avignon i 1978.

I 1950- og 1960-åra var Paris sentrum for det absurde teateret. Menneskebiletet i dette teateret kan minna om det eib finn i den ateistiske eksistensialismen, men det absurde teateret hadde ikkje tilsvarande filosofiske eller politiske pretensjonar. Absurdismen medførte ei dramaturgisk fornying som har fått mykjee å seia for moderne teater over heile verda. Den irskfødde Samuel Beckett gjev i sine stykke, som er fylt av makaber humor, eit bilde av menneskelivet redusert til eit eksistensmessig minimum. Den rumenskfødde Eugène Ionesco sette spørsmålsteikn ved den fornuften og logikken menneske omgjev seg med til dagleg, og tok tilskodarane inn i eit univers som var både komisk og skremmande. Franskmannen Jean Genet, som på 1940-talet hadde stått bak ei rekkje provoserande romanar inspirert av hans eige liv som forbrytar og homofil, skreiv i denne perioden fleire svært samfunnskritiske skodespel, og var særleg oppteken av forholdet mellom illusjon og røyndom. Andre representantar for det absurde teateret var Arthur Adamov og Jean Tardieu.[1]

Nyroman og nye røyster endre

 
René Goscinny med ei Asterix-bok.

Omtrent samtidig med det absurde teateret hadde nyromanen (le nouveau roman) eit gjennombrot. Denne blei utvikla av ei gruppe forfattarar som ville frigjera romanen frå dei tradisjonelle måtane å skapa røyndomsillusjon på. Dei eksperimenterte med nye skriveteknikkar, og forkasta mellom anna «den allvitande forteljaren» som fullestendig kjenner psyken til personane sine. Fordi mange nyromanforfattarar fekk verka sine gjevne ut på forlaget Minuit, gjekk rørsla også under namnet Minuit-skulen. Nokre av dei best kjende nyromanforfattarane er Nathalie Sarraute, Claude Simon, Alain Robbe-Grillet og Michel Butor.[1]

Det fann også stad ei fornying innan litteraturforskinga i samband med den auka refleksjonen over litteraturteoretiske problem, og motsetnadane var ofte store mellom den tradisjonelle og den nye litteraturkritikken (la nouvelle critique). Denne baserte seg i stor grad på den franske strukturalismen, der dei viktigaste representantane er antropologen Claude Lévi-Strauss, psykoanalytikaren Jacques Lacan og filosofane Louis Althusser, Michel Foucault og Jacques Derrida. Roland Barthes var ein av de fremste representantane for den moderne litteraturforskinga.[1]

Populære sjangrar har etter kvart fått ei sterkare stilling i fransk kultur. Allereie i mellomkrigstida skapte belgiaren Georges Simenon kriminalromanar av høg kvalitet, og mange franske forfattarar frå siste del av 1900-talet henta impulsar frå denne sjangeren. Teikneserien er blitt stadig viktigare, og visesongen (la chanson) har etter kvart fått stor innverknad på det som tidlegare var einemerka til den «høglitterære» lyrikken gjennom artistar som Jacques Prévert, Léo Ferré, Georges Brassens og belgiskfødde Jacques Brel.[1] Også teikneseriar har fått større tyding i løpet av 1900-talet, der franko-belgiske teikneseriar som Tintin, Astérix, Smurfane og Lucky Luke nådde eit verdsomspennande publikum.

 
Teaterplakat for det fyrste stykket til Françoise Sagan, Château en Suède.

Kvinnelitteratur gjorde seg sterkt gjeldande i løpet av 1900-talet. Ei rekkje kvinnelege forfattare har i forskjellige formspråk formidla den spesifikke erfaringane til kvinner, mellom anna Marguerite Duras, Christiane Rochefort, Françoise Sagan, Monique Wittig, Marie Cardinal, Albertine Sarrazin, Annie Ernaux, Hélène Cixous, Annie Leclerc og Luce Irigaray. Romanforfattarar som sameiner ei eksperimenterande haldning, gjerne påverka av nyromanen, med sans for handling og forteljing, er mellom anna Romain Gary, Jacques Roubaud, Jean-Marie Le Clézio og Patrick Modiano. Romanane til Georges Perec er bygde opp i samsvar med kompliserte matematiske prinsipp, men formidlar både ei tragisk livsoppleving og eit leikande tilhøve til litteraturen som uttrykksform.[1] Forfattarar som var medvitne kolonialisme og rasisme tredde fram frå dei franske «oversjøiske områda», som Aimé Césaire frå Martinique og Maryse Condé frå Guadeloupe.[2]

Økonomiske, politiske og sosiale kriser knytt til problem som arbeidsløyse, eksklusjon, innvandring og rasisme og ideen om at det amerikanske hegemoniet, Europa-prosjektet og globalisering har ført til at Frankrike tapte sin eigen identitet og internasjonale prestisje, har gjeve grobotn for kritikarar som Nancy Huston til å hevda at ein ny rotlaus nihilisme har vokse fram rundt år 2000. Den best kjende forfattaren knytt til denne tendensen er Michel Houellebecq, som blei internasjonalt kjend for les Particules élémentaires (1998, De grunnleggende bestanddeler). Til forskjell frå Houellebecq og Maurice G. Dantec har andre forfattarar gjerne trekt seg tilbake frå eksplisitt politiske tema. Mange har teke opp att såkalla autofiction, som først blei funne opp av Serge Doubrovsky i 1977. Denne nye forma for sjølvbiografisk roman kan minna om romantiske verk, og finst mellom anna i verka til Christine Angot, Alice Ferney, Annie Ernaux, Olivia Rosenthal, Anne Wiazemsky og Vassilis Alexakis. La Vie sexuelle de Catherine M. (2002) førte til stor oppstand i pressa på grunn av si opne utforsking av dei seksuelle opplevingane til forfattaren, Catherine Millet.[3] På 2000-talet blei Anna Gavalda ein bestseljar med noveller og romanar om mellommenneskelege forhold i Frankrike og utlandet.[4]

Ei rekkje av dei mest omtykte nyare franske verka er blitt skrivne av forfattarar frå tidlegare franske koloniar eller oversjøiske territorium, som ivorianske Ahmadou Kourouma, marokkanske Tahar ben Jelloun, martiniquiske Patrick Chamoiseau, libanesiske Amin Maalouf, tunisiske Mehdi Belhaj Kacem og algeriske Assia Djebar.[5]

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 1,24 1,25 1,26 1,27 1,28 1,29 1,30 1,31 1,32 1,33 1,34 1,35 Winther, Truls Olav (27. desember 2016). «Frankrikes litteratur». Store norske leksikon. 
  2. Nick Nesbitt. «THE CRITICAL THOUGHT OF MARYSE CONDE» (PDF) (på engelsk). abdn.ac.uk. 
  3. Gottin, Katia (2018-01). «Lectrices et lecteurs scandalisés : La Vie sexuelle de Catherine M. de Catherine Millet devant nous». Contemporary French and Francophone Studies (på engelsk) 22 (1): 32–39. ISSN 1740-9292. doi:10.1080/17409292.2018.1457613. 
  4. Lauritsen, Vibeke; Allkunne (23. august 2023). «Anna Gavalda». Store norske leksikon (på norsk). 
  5. Winther, Truls Olav (22. august 2023). «Assia Djebar». Store norske leksikon (på norsk).