Fritt Ords Pris
(Omdirigert frå Fritt Ords pris)
Fritt Ords Pris, eller Fritt Ord-prisen, er ei årleg utmerking gjeven av den private stiftinga Fritt Ord. Prisen er Fritt Ord si høgste utmerking, og vert utdelt i mai, i tilknyting til markeringa av Frigjeringa av Noreg i 1945.
Prisen vert gjeven til éin, unntaksvis fleire, personar eller organisasjonar som har bidrege til område der organisasjonen verkar, særleg i arbeidet for ytringsfridom. Prisen består av ein statuett av Nils Aas, og ein pengesum. Tildelinga vert gjort i eit særskilt arrangement i Kunstindustrimuseet sin Store Sal i Oslo.
Fritt Ord deler òg ut prisen Fritt Ords honnør.
Prismottakarar
endre- 1976 – Johan Vogt for den innsatsen han gjennom ei årrekkje har gjort for å hjelpa menneskea som har fått lida under mangelen på tanke-, ytrings- og trykkefridom i mange land.
- 1977 – Henrik Groth for ved ein uredd bruk av det frie ordet å ha skapt debatt om språk, litteratur og utdanning og auka forståinga i vårt samfunn for tydinga av informasjons- og trykkefridom.
- 1978 – Karen-Christine Friele for hennar innsats for å skapa forståing for situasjonen til dei homofile.
- 1979 – Stein Mehren for som uredd, sjølvstendig kunstnar å kjempa utrøytteleg for ein frigjerande bruk av det frie ordet. Med hans eigne ord: «Tankar som skaper fridom er viktigare enn tankar om fridom.»
- 1980 – Andrej Sakharov for med nesten ufatteleg åndeleg kraft, uthald og fryktløyse å ha kjempa for og praktisert den frie tanken og det frie ordet undertrykt av eit totalitært regime.
- 1981 – ikkje utdelt
- 1982 – Lech Walesa for som den fremste talsmannen for Solidaritet, med ufatteleg mot og karakterstyrke og forakt for personleg risiko, å ha teke det frie ord i bruk mot eit totalitært samfunnssystem.
- 1983 – Kjetil Bang-Hansen for hans nyskapande verksemd for norsk scenekunst.
- 1984 – Nordnorsk Forfatterlag for ved sitt arbeid i dei seinare år å ha bidrege til å frigjera skapande talent og sjølvmedvit hjå forfattarane, og skapt glede i landsdelen over eiga dikting og litteratur.
- 1985 – Den Illegale Presses Forening for uredd bruk av det frie ordet.
- 1986 – Magli og Torolf Elster for deira fantasirike og meningsfulle bruk av det frie ordet i poesi og prosa og for deira brennande engasjement for flyktningane i verda.
- 1987 – Nansenskolen for utrøytteleg arbeid gjennom snart 50 år for ideane i humanismen og for det kulturelle mangfald.
- 1988 – Leo Eitinger for konsekvent bruk av det frie ordet, på vakt mot framandhat og intoleranse, med nestekjærleg omsorg for ofra for krig og vald.
- 1989 – Erik Bye for hans pionerinnsats i norsk fjernsyn og hans allsidige bruk av det frie ordet.
- 1990 – The Charta 77 Foundation for modig, utrøytteleg og klok bruk av ordet i kampen for menneskerettane og for fridom for folket sitt.
- 1991 – Nordland Akademi for Kunst og Vitenskap. Det initiativet som grunnleggjarane tok, har bore rik frukt. Verksemda til akademiet har vore prega av kulturelt mangfald og høg kvalitet og har gjort Melbu til ein internasjonal møtestad for forskarar, kunstnarar og kulturarbeidarar.
- 1992 – Annette Thommessen for modig bruk av det frie ordet til forsvar for interessene til innvandrarane og for sterkt engasjement for å skapa gjensidig forståing og respekt i det norske samfunnet.
- 1993 – Rolv E. Ryssdal for aktivt og engasjert vern om menneskerettane.
- 1994 – William Nygaard d.y. for konsekvent og modig vern av ytringsfridomen.
- 1995 – Hanne Sophie Greve for uredd og sjølvoppofrande innsats for flyktningar og krigsoffer ved avdekking av grove menneskerettsbrot i ulike delar av verda og av folkemord og andre krigslovbrot i det tidlegare Jugoslavia.
- 1996 – Arne Skouen for hans årvakne, uredde journalistiske og kunstnariske verksemd.
- 1997 – Kåre Willoch for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.
- 1998 – Aleksandr Nikitin for, med store personlege offer, å ha bidrege til å gje verda kunnskap om den alvorlege trusselen som atomavfallet i nordregionen representerer.
- 1999 – Medarbeidarane i radiokanalen P2 for god og særprega journalistikk.
- 2000 – Thomas Christian Wyller for vektige bidrag til norsk samfunnsdebatt gjennom fleire tiår.
- 2001 – Nils Christie for originale og sjølvstendige bidrag til norsk og internasjonal samfunnsdebatt
- 2002 – Aslam Ahsan for uredd og langsiktig innsats for å byggja bru mellom kulturar.
- 2003 – Berge Furre for uredd og kraftfull bruk av det frie ordet i norsk offentleg liv gjennom fleire tiår.
- 2004 – Unni Wikan for innsiktsfulle, openhjarta og utfordrande bidrag til debatten om verdikonfliktar i det fleirkulturelle samfunnet.
- 2005 – Nina Witoszek for at ho skarpt og velformulert har formidla austeuropeiske erfaringar inn i norsk debatt og utfordra norske standardoppfatningar.
- 2006 – Bjørgulv Braanen for framifrå bidrag til seriøs politisk journalistikk i samvirke med medarbeidarane i Klassekampen. Under leiinga åt Braanens er Klassekampen vorten ein viktig arena for fri meiningsutveksling utan at det har gått ut over den klåre politiske profilen til avisa.
- 2007 – Terje Tvedt for på fagleg grunnlag problematisert den norske bistands- og fredspolitikken. Han har mellom anna vore oppteken av forskjellar og likskapar mellom tidlegare tiders kritiserte kolonialisme og moderne bistandspolitikk og har sett på det tette sambandet som i Noreg eksisterer mellom staten, det politiske miljøet, frivillige organisasjonar og forskingsinstitusjonar.
- 2008 – Per Yngve Monsen for avsløringar om den den såkalla Siemens-skandalen, der selskapet vart etterforska og politimeldt for å overfakturera Forsvaret og smørja personell i det norske Forsvaret.
- Hallvard Rieber-Mohn for hans innsats i norsk kultur- og samfunnsdebatt og for hans verksemd i Pressens Faglige Utvalg.
- Shabana Rehman for modig, kraftfull og nyskapande bruk av det frie ordet med same formål.
- 2009 – Nina Karin Monsen for sitt gjennomreflekterte og uavhengige bidrag til ein friare offentleg debatt[1]
- 2010 – Bushra Ishaq for at ho med si klåre forankring i muslimsk tru og miljø og med sin argumentasjon og brubyggjande form har bidrege til å vidareutvikla forståinga av kva det vil seia å leva i dagens fleirkulturelle samfunn.
- Abid Q. Raja for å ha skapt arenaer for dialogmøte med tema som er viktige i det offentlege ordskiftet. Han har vore ein energisk debattant i ei konfliktfylt tid.
- 2011 - Anders Sømme Hammer for si uavhengige og kritiske dekning av Afghanistan-krigen. Han bur i Afghanistan, der han arbeider som frilansjournalist. Ved å reisa rundt i landet utan eskorte tek han ein stor personleg risiko, og kjem dermed i nærkontakt med sivile afghanarar. Hans kritiske analysar rammar også mediedekkinga av krigen.
- 2012 - Sara Azmeh Rasmussen for sitt modige og kompromisslause engasjement for det ukrenkjelege individet, for ytringsfridom og religionskritikk.
- 2013 - Per Fugelli for å ha gitt ei stemme til kreftsjuke og dei som står ansikt til ansikt med døden.
- 2014 – Anne Sender. «Anne Sender får Fritt Ords Pris 2014 for å ha løftet frem den jødiske minoritetens historie i Norge, og for i en årrekke å ha arbeidet mot antisemittiske holdninger.»
- 2015 – Robin Schaefer og Jan Erik Skog, «for sin innsats for å avdekke kritikkverdige forhold i norsk arbeidsliv, i Monika-saken og Unibuss-saken.»[2]
- 2016 - Robert Mood, «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debatter om Forsvarets rolle i samfunnet.»[3]
- 2017 - Dag og Tid, «... for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster.»[4]
- 2018 - VG-journalistane Amdal, Berglund, Henriksen og Hættafor avdekking av overgrepssaka i Tysfjord.[5][6]
- 2019 - Greta Thunberg og Natur og Ungdom for bidraga sine til å gjera klima- og miljødebatten handlingsretta og mobiliserande.
- 2020 - Filmskaparen Deeyah Khan for «for hennes fryktløse og metodisk nyskapende dokumentarfilmer om ekstremisme»[7]
- 2021 - Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen for «sterke og kritiske bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemmede i Norge»[8]
- 2022 - Den russiske nettavisa Meduza for «sin modige, uavhengige og faktabaserte journalistikk for russere og et internasjonalt publikum. Nyhetsbyrået har utfordret russisk sensur i årevis, og er nå forbudt. De opprettholder sin posisjon under ekstremt krevende omstendigheter».[9]
Kjelder
endre- ↑ Nina Karin Monsen får Fritt Ords Pris for 2009, arkivert frå originalen 30. april 2009, henta 18. april 2011
- ↑ «Varslere får Fritt Ords pris for 2015» (på norsk). NRK. 3. mars 2015. Henta 3. mars 2015.
- ↑ «Fritt Ords Pris 2016 til Robert Mood», Fritt Ord (på norsk bokmål), henta 17. februar 2023
- ↑ «Fritt Ords Pris 2017 til avisa Dag og Tid. Pressemelding» (på norsk). Fritt Ord. 24.4.2017. Henta 21. mai 2017.
- ↑ «Fritt Ords Pris 2018 til journalistene i Tysfjord-saken». www.frittord.no. Henta 4. april 2018.
- ↑ «Fritt Ords Pris 2018 tildelt journalistene i Tysfjord-saken». www.frittord.no. Henta 3. mai 2018.
- ↑ «Fritt Ords Pris 2020 til Deeyah Khan». Fritt Ord (på norsk bokmål). Henta 9. november 2020.
- ↑ «Fritt Ords Pris 2021 til Jan Grue, Bjørn Hatterud og Olaug Nilssen». Fritt Ord (på norsk bokmål). Henta 8. april 2021.
- ↑ «Fritt Ord-pris til russisk nettavis». ABC nyheter (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2022.
- Oppdatert til 2013 frå Fritt-ord.no Arkivert 2010-11-24 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Fritt Ords Pris» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Stiftelsen Fritt Ord Arkivert 2008-03-11 ved Wayback Machine.