Opna hovudmenyen

Anne Aasheim (22. april 196230. mars 2016)[1], direktør i Norsk kulturråd (Kulturrådet), var ein norsk journalist frå Porsgrunn. Ho hadde arbeidd i NRK, mellom anna som distriktsredaktør i Østlandssendingen (1997-2000), var fungerande kultursjef i 1999, nestleiar i P2 og P3, og distrikts- og nyhendedirektør (2001-2005) med ansvar for all journalistikk knytt til nyhende, sport og distriktsprogram på fjernsyn, radio og internett, var sjefredaktør i avisa Dagbladet frå 14. august 2006, og direktør i Kulturrådet frå 2011 til ho døydde i 2016.

Anne Aasheim
Anne Aasheim 2012.JPG
Anne Aasheim i 2012.
Fødd 22. april 1962
Porsgrunn
Død

30. mars 2016

Yrke journalist, redaktør
Anne Aasheim på Commons

Aasheim fekk påvist lungekreft i 2015.[1], og døydde i Oslo 30. mars 2016 etter ei lang tid med sjukdom. Ho gav offentleg uttrykk for korleis det var å leve med sjukdomen, og at ho hadde sagt frå til Norsk kulturråd om at ho på grunn av sjukdomen ikkje kunne søkje ein ny åremålsperiode som direktør.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra