Anne Berit Andersen
Anne Berit Andersen (fødd 2. desember 1951 i Søgne) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre.
Anne Berit Andersen | |||
Fødd | 2. desember 1951 (73 år) Søgne | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Søgne 1991–2001 | ||
Føregangar | Bjarne Nesheim | ||
Etterfylgjar | Eli Løite | ||
Verv | 2. nestleiar i Høgre 1998–2002 | ||
Verv | Stortingsrepresentant 2001–2005 | ||
Alle verv |
|
Utdanninga hennar består av eittårig kontorlinje ved handelsskole 1968–1969. Ho var kontorist ved Markens Magasin AS i Kristiansand 1969–1971, skulekontoret i Søgne kommune 1971–1972 og Ullevål sjukehus 1973–1978.
Andersen var medlem av Vest-Agder Høgre si fylkesstyre frå 1987, leier i Søgne Høgre frå 1991, leier i Vest-Agder Høgrekvinner rundt 1990 og medlem av Søgne kommunestyre 1988–2001, av dette ordførar 1992–2001. Som ordførar hadde ho ei rekkje styreverv, og var elles medlem av Den Norske Stat sin Husbanks hovedstyre 1990–2001 og 2. nestleiar i Høgre 1998–2002. Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Vest-Agder 1997–2001 og fast representant 2001–2005. I 2004 tapte ho kampen om 1. plassen på Vest-Agder Høgres stortingliste mot Peter Gitmark, og var 1. vararepresentant i perioden 2005–2009. I perioden sin på Stortinget var Andersen medlem av Samferdselskomiteen og Valkomiteen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anne Berit Andersen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.