Anne Evenstad
Anne Evenstad (17. desember 1830–30. januar 1909) var ein norsk gardbrukar og legatstiftar.
Anne Evenstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. desember 1830 Stor-Elvdal kommune |
Død |
30. januar 1909 (78 år) |
Liv og virke
endreAnne Olsdotter Evenstad var fødd på husmannsplassen Kjølhammar under garden Atneosen i noverande Stor-Elvdal kommune.
Ho var trulova med Ole Olsen Evenstad (1827–1859) som var son av Ole Olsen Evenstad (1798–1859). Han døydde like før dei skulle gifte seg i 1859. Anne fekk likevel sonen deira, Ole. Same året døydde òg farfaren til den ufødde Ole, som testamenterte til Anne og den ufødte Ole kvar sin halvpart av Evenstad. Ho vart difor gardbrukar på storgarden Evenstad i Østerdalen.
I 1859 vart Anne Evenstad gift med Erik Bergersen Messelt (1825-1867).
Sonen Ole døydde barnlaus i 1891, og Anne arva heile Evenstadgodset.
Anne oppretta mange legat og var ein stor velgjerar. Etter at ho døydde kjøpte kommunen garden Evenstad. I 1912 vart Evenstad skogskole oppretta på garden etter ei legatgåve frå Anne.