Anne Osvaldsdatter Bjørkli

Anne Osvaldsdatter Bjørkli (fødd 26. januar 1951 i Balsfjord)[1][2] er ein norsk forfattar.

Anne Osvaldsdatter Bjørkli
Nasjonalitet Norsk
Fødd 26. januar 1951 (69 år)
Balsfjord
Periode 1991-
Sjanger Barnelitteratur, lyrikk
Debut Ei jente for mye?

Ho debuterte med barneboka Ei jente for mye? i 1991, og har sidan skrive fleire barnebøker, ei ungdomsbok og ei diktsamling. Ho har også vore redaktør for Årbok for Malangen og Balsfjord i over femten år.[3]

I 2012 fekk Bjørkli Blixprisen for barneboka Huskereisa frå 2009.[4]

BøkerEndra

  • 1991 – Ei jente for mye? – Barnebok. Aschehoug (bokmål, dialekt i replikkar)
  • 1995 – Ka no, Dokketrine? – Barnebok. Eide (nynorsk)
  • 1998 – Med blåbærsaft på leppene – Barnebok. Eide (nynorsk)
  • 1998 – Mantel – Diktsamling. Orkana (nynorsk)
  • 2002 – Romund Olsen og godstolen – Barnebok. Illustrert av Kristian Finborud. Eide (nynorsk)
  • 2004 – Når begeret er fullt – Ungdomsbok. Omslagsdesign av Kjersti Hjelmeland Brakstad. Eide (bokmål)
  • 2009 – Huskereisa – Barnebok. Illustrert av Sissel Horndal, Margbok (nynorsk)
  • 2014 – Herr Finkel–Barnebok. Illustrert av Anna Fiske. Margbok (bokmål)
  • 2018 - Mens elva sover, omsetjng av Easterine Kires roman When the River Sleeps. Orkana (bokmål)

Andre utgjevingarEndra

Anne Osvalsdatter Bjørkli har også publisert dikt og noveller i fleire antologiar. [1]

Bjørkli teiknar også, og ho har to gonger stilt ut tusjteikningar i Fjæragalleriet i Malangen, som Kine Hellebust driv. [2]

ReferansarEndra

  1. ««Anne Osvaldsdatter Bjørkli (26.01.1951)»». forfatterkataligen.no. Henta 18. februar 2016. 
  2. «Presentasjon av Anne Osvaldsdatter Bjørkli». litteraturnettnordnorge.no. Henta 20. januar 2013. 
  3. Tove Myhre (23. november 2012). «Bjørkli får Blix-prisen». Nordlys. Henta 20. januar 2013. 
  4. ««Blix-prisen 2012 til Anne Osvaldsdatter Bjørkli»». LNK Nytt. 23. november 2012. Henta 20. januar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra