Sissel Horndal (fødd 17. februar 1970)[1] er ein norsk biletkunstnar, grafisk designar, illustratør og forfattar frå Mørsvikbotn.[2]

Sissel Horndal
Nasjonalitet Norsk
Fødd 17. februar 1970 (50 år)
Yrke Biletkunstnar, illustratør, forfattar
Periode 1998 -
Sjanger Barnelitteratur
Debut Ei halspastill-historie

Horndal er utdanna i måleri frå Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg og i grafisk design og illustrasjon frå Kunsthøgskolen i Bergen.[3][4] Ho driv firmaet Rabarbra Bokmakeri og arbeider som bildekunstnar og illustratør. Tidlegare har ho arbeidd med scenografi og kostyme i teateroppsetjingar og i reklamebyrå.

Ho debuterte som forfattar i 1998 med bildeboka Ei halspastill-historie som ho hadde både skrive og illustrert. Horndal fekk Nynorsk barnelitteraturpris for boka.[5] Same året kom kokeboka Ro, ro til fiskeskjær som ho hadde laga saman med kokken Mareno Storeide. I 2000 kom biletboka Eg er ikkje trøtt og i 2008 kom Himmelspringaren. Den sistnemnde fekk ho også Nynorsk barnelitteraturpris for.[6] I tillegg har ho illustrert bøker frå fleire andre forfattarar, mellom dei fleire samiske barnebøker.

UtgjevingarEndra

Skrive og illustrertEndra

  • 1998 – Ei halspastill-historie – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2000 – Eg er ikkje trøtt – barnebok (bildebok), Samlaget (nynorsk)
  • 2008 – Himmelspringaren – barnebok (bildebok), Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2010 – Stallo og sølvmånen – lydbok, opplesen av Eirin Edvardsen
  • 2014 - Historia om alfabetet – bildebok, Rabarbra Bokmakeri, Mørsvikbotn (nynorsk)
  • 2014 - Hokus pokus 1-2-3 – barnebok, Mangschou, Bergen (nynorsk)
  • 2015 - Sølvmånen – billdebok, Forfatternes Forlag (bokmål)
  • 2019 - Fra stjernene til livet : en fortelling fra samisk mytologi – barnebok, Iđut, Billefjord (bokmål)

IllustrertEndra

Prisar og utmerkingarEndra

ReferansarEndra

  1. ««Sissel Horndal»». forfatterkatalogen.no. Henta 26. februar 2012. 
  2. ««Månedens illustratør»». Nettstaden til Sørfold kommune. 2. september 2011. Henta 26. februar 2012. 
  3. ««Sissel Horndal»». rabarbra.net. Henta 26. februar 2012. 
  4. ««Månedens illustratør: Sissel Horndal»». Norsk barnebokinstitutt. Henta 26. februar 2012. 
  5. ««Nynorsk barnelitteraturpris»». Noregs Mållag. Henta 26. februar 2012. 
  6. ««Nynorsk barnelitteraturpris til Sissel Horndal»». Noregs Mållag. 24. april 2009. Henta 26. februar 2012. 
  7. «Blix-prisen til Sissel Horndal». Nordlys. Henta 17. februar 2016. 

BakgrunnsstoffEndra