Anne Siri Bryhni

norsk scenograf og kostymedesignar

Anne Siri Bryhni (fødd 3. juni 1942) er ein norsk scenograf og kostymedesignar i norsk filmindustri.

Anne Siri Bryhni
Fødd 3. juni 1942
Yrke kostymedesignar

KarriereEndra

Bryhni har jobba med scenografi og filmkostyme sidan 1970-talet og fram til i dag. Ho har samarbeidd mykje med regissøren Anja Breien i filmane Den allvarsamme leken (1977), Arven (1979), Forfølgelsen (1981), Papirfuglen (1984), Smykketyven (1990) og Å se en båt med segl (2001).

Nyleg var ho med som kostymedesigner og scenograf i filmen Ulykken (2009) med Sven Nordin i ei av hovudrollene,[1] og ho var scenograf i kortfilmen Samaritanen (2010).[2]

I 1990 vann Anne Siri Bryhni Amandaprisen sin fagpris for scenografien i filmen Landstrykere, saman med 3 andre bakgrunnsarbeidarar til same filmen. Landstrykere (1989) var ei filmatisering av Knut Hamsun sin roman med same namn, i regi av Ola Solum.

Bryhni har også hatt fleire styreverv innan filmorganisasjonar, m.a. Statens filmproduksjonsutvalg, Produksjonsfondet for kino- og fjernsynsfilm, Styret for Audiovisuelt produksjonsfond og Styret for Statens studiesenter for film.[3]

KjelderEndra

FotnotarEndra