Annelise Damm Olesen

Annelise Damm Olesen (fødd 2. januar 1942) er ein dansk tidlegare friidrettsutøvar frå København som vann sølvmedaljen på 800-meteren under EM 1969 i Aten.

Annelise Damm Olesen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 2. januar 1942
København
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972

AktivEndra

Olesen sette 19 danske rekordar, den fyrste i 1960. 18 år gammal vann ho då sitt fyrste danske meisterskap i 80 meter hekk på rekordtida 12,0 sekundar. I 1969 bytta ein til 100 meter hekk, og ved årets slutt stod Olesen som rekordhaldar med 13,8. På 400 meter forbetra ho den nasjonale rekorden fem gongar, siste gongen i 1969 til 53,6 sekundar, ein rekord som gjaldt til 1992. På 800 meter slo Olesen danmarksrekorden fyrste gongen i 1968 med 2.09,2 og flytta den ytterlegare fire gongar, mellom anna i både semifinalen og finalen under EM i Aten i 1969. Siste rekorden kom i Sommar-OL i München i 1972 då ho i forsøket fekk tida 2.01,77, som òg var nordisk rekord. Under Bislett-leikane i Oslo 3. august 1972 sette ho òg landsrekord på 1500 meter med 4.20,2, i det same løpet som Wenche Sørum forbetra sin norske rekord til 4.14,7.

Olesen vann sju individuelle danske meisterskap; tre på 800 meter, to på 400 meter og to i hekkeløp. Under europameisterskapen 1969 kneip ho sølvmedaljen på 800 meter, etter eit drivande oppløp avanserte ho frå sjetteplass 50 meter frå mål og passerte bronsevinnaren, Vera Nikolić frå Jugoslavia, så å seie på målstreken, begge fekk same tid 2.02,6.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra