Annette Abigael Hamilton

Annette Abigael Hamilton (18061879), fødd Palm, var ein norsk eventyrsamlar og forfattar.[1]

Annette Abigael Hamilton
Fødd 1806
Død

1879 (73 år)

Yrke barnebokforfattar, skribent, eventyrsamlar

Annette Abigael Palm var fødd i Fredrikshald (Halden) som dotter av skippar Hans Christian Palm og Anne Samuelsen.[1] Ho blei gift med skipskaptein Wilhelm Hamilton, som også dreiv forlag.[1]

Hamilton var ein aktiv deltakar i det dramatiske selskapet i Fredrikshald, der ho opptredde som skodespelar.[1] Under den aktive perioden til det dramatiske selskapet, i 1847, gav ho ut si første bok, ei eventyrsamling.[2]

Eventyrsamlinga heitte Abigaels Eventyr og Sagn. Gave for Børn og kom ut under pseudonymet Abigael.[3][4][5] Ho er ei av dei eldste eventyrsamlingane i Noreg.[1] Boka kom ut på forlaget til ektemannen[1][2] og blei seld i kommisjon av J.W. Cappelen.[6]

Som eventyrforfattar må Hamilton reknast blant pionerane innan denne litterære sjangeren.[2] Samlinga byggjer på utanlandske førebilde.[2] Ho inneheld dels tradisjonsstoff og dels dikting.

Fleire av eventyra er norske folkeeventyr. Eventyr på side 34 er klassifisert som AA-TH-typane 1525R-1653B.[7] Eventyr på side 24-29 er klassifisert som AA-TH type 513, på engelsk kalla The Land and Water Ship.[7] Forteljingane er sterkt bearbeidde og nokre er heilt fri dikting. Nummer 1, 3, 4, 5 og 6 er eventyr, nr 7 er lause motiv frå soger og eventyr og nr 8-12 skal vera fri dikting.[8][9]

VerklisteEndra

  • Abigaels Eventyr og Sagn. Gave for Børn. Frederikshald, Hamilton, 1847.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Norsk kvinnelitteraturhistorie. Oslo: Pax. 1990. s. 259-260. ISBN 8253014988. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Norsk kvinnelitteraturhistorie. Oslo: Pax. 1988. s. 46 og 101. ISBN 8253014309. 
  3. Halvorsen, J.B. (1845-1900) (1885). Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880: paa Grundlag af J.E. Krafts og Chr. Langes "Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1856". Kristiania: Den Norske Forlagsforening. s. 41. 
  4. Pettersen, Hjalmar (1856-1928) (1924). Norsk anonym- og pseudonymlexikon =: Dictionary of anonyms and pseudonyms in Norwegian literature. Kristiania: Steenske. s. 6. 
  5. 5,0 5,1 «Abigaels Eventyr og Sagn : Gave for Börn». Bibsys. 
  6. Boyesen, Einar (1888-1972) (1953). J.W. Cappelen 1805-1878: noen blad av norsk bokhandels og norsk kulturkamps historie. Oslo: Cappelen. s. 521. 
  7. 7,0 7,1 Roberts, Warren E. (1964). Norwegian folktale studies: some aspects of distribution. Oslo: Universitetsforlaget. s. 34 og 81. 
  8. Christiansen, Reidar Th. (1886-1971) (1921). Norske eventyr: en systematisk fortegnelse efter trykte og utrykte kilder. Kristiania: Jacob Dybwad. s. 3. 
  9. Christiansen, Reidar Th. (1886-1971) (1921). Norske folkeminne: utgjevne av Den Norske Historiske Kildeskriftkommission. : II. Norske Eventyr. : En systematisk fortegnelse efter trykte og utrykte kilder. Kristiania: I hovedkommission hos Jacob Dybwad. s. 3.