Aarne-Thompson-systemet

Aarne-Thompson-systemet eller AT-katalogen er eit klassifikasjonssystem for folkeeventyr utarbeida av Antti Aarne og Stith Thompson. Han byggjer på ulike handlingsmønster og motiv som går att i eventyr frå ulike kulturar. Eventyra blir sorterte etter type og gjeve eit AT-nummer. Katalogen har danna grunnlag for fleire nasjonale eventyrkatalogar, som den norske eventyrkatalogen utvikla av Ørnulf Hodne.[1] I 2004 blei det utvikla ein ny katalog av Hans-Jörg Uther som i staden gjev eventyra ATU-nummer. Han følgjer i stor grad AT-katalogen, men har sløyfa eller endra ein del AT-nummer.[1]

Det finst også ein Aarne-Thompson-indeks for eventyrmotiv, det vil seia vanlege motiv som går att i eventyr og annan folklore.

Inndeling endre

Katalogen omfattar om lag 2 500 eventyrtypar med kjeldebelegg og opplysingar om variantar. Eventyra er delt inn i fem hovudkategoriar:

  1. Dyreeventyr (AT 1-299)
  2. Eigentlege eventyr (AT 300-1199)
    1. Undereventyr (AT 300-749)
    2. Religiøse eventyr (AT 750-849)
    3. Novelleeventyr (AT 850-999)
    4. Eventyr om det dumme trollet (AT 1100-1199)
  3. Skjemte- og anekdoteeventyr (AT 1200-1999)
  4. Ramseeventyr (AT 2000-2399)
  5. Uklassifiserte eventyr (AT 2400-2499

Utgjevingar endre

Det første forsøket på å laga ein systematisk eventyrkatalog var Verzeichnis der Märchentypen, utarbeidd av den finske folkloristen Antti Aarne. Grunnlagsmaterialet var eventyrsamlinga i den finske folkeminnesamlingen, Svend Grundtvig si samling av danske eventyr og Grimm-brørne sine Kinder- und Hausmärchen.

Katalogen blei gjeven ut i Helsingfors i 1910 av FF Communications som den tredje utgjevinga deira.

Katalogen blei godt motteken, og forskarar i fleire land byrja å ordna sine eventyrsamlingar etter systemet til Aarne. I Noreg laga Reidar Th. Christiansen ein norsk katalog, Norske Eventyr. En systematisk fortegnelse efter trykte og utrykte kilder, som kom ut i 1921. Denne katalogen set også opp ein motivindeks for dei ulike variantane av eventyrtypane.

På ein kongress for eventyrforskarar i Lund i 1935 gjekk ein inn for å få ein revidert katalog som kunne omfatta eventyr frå fleire område. Den amerikanske folkloristen Stith Thompson frå Bloomington i Indiania tok på seg arbeidet. Resultatet blei The Types of the Folktale: A classification and Bibliography som kom ut i 1961, nytt opplag 1964. Denne katalogen blir gjerne omtalt som AT-katalogen etter Aarne og Thompson.

ATU-katalogen frå 2004 er ei omarbeiding laga av Hans-Jörg Uther. Her er eit vidare kjeldemateriale teke med. Nokre eventyrvariantar er omklassifiserte, og nokre AT-nummer er blitt endra eller tekne ut.

Grunnlag endre

Aarne si klassifisering byggjer på den historisk-geografiske metoden som var utvikla i Den finske skulen. Her såg ein etter utviklinga og vandringsmønsteret til folkelitteraturen. Ved å samanlikna eventyr med liknande handling og motiv kom ein fram til ei idealforteljing eller ein type. Dette er ei tilnærming ein har gått bort frå i moderne folkloristikk, men klassifiseringa kan likevel vera nyttig for å handsama eventyr.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Brukerveiledning for eventyrsamlingen». UiO Institutt for kulturstudier og orientalske språk. 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur