Opna hovudmenyen

Eventyrsamlarar er folk som får andre til å fortelja eventyr og anna folkedikting og deretter skriv dei ned. Velkjende eventyrsamlarar er Asbjørnsen og Moe og brørne Grimm.

Nedskriving og bearbeidingEndra

Etter at eventyra er skrivne ned, ønskjer samlarane som regel å gjeva dei ut. Det er noko ulikt korleis dei gjer dette. Ein kan velja å retta litt på eventyra, eller til og med skriva dei om, slik at dei blir «perfekte». Dette var særleg vanleg for nokre hundreår sidan. Ein av dei tidlege eventyrsamlarane, Charles Perrault, gjorde store endingar i materialet sitt. Også brørne Grimm skal ha skrive om litt på eventyra sine, mellom anna ved å leggja inn moralar der det passa. Asbjørnsen og Moe var meir tru til folketradisjonen, men også dei gjorde mindre endringar, og let vera å gjeva ut eventyr dei meinte kunne vera støytande, til dømes erotiske eventyr. Slike omarbeidde eventyr er blitt folkeskattar, men mange meiner dei har mista mykje av krafta si i og med at dei er blitt gjort om til ufarlege barnehistoriar.

Vitskapleg innsamlingEndra

Ein annan innfallsvinkel er å vera så tru mot forteljaren som råd er. Ein skal ta med munnleg språk, sjølv om det er repeterande og ugrammatisk, ein skal få med dialekten forteljaren bruker og helst ta med så mange detaljar som mogleg rundt sjølve forteljinga av eventyret, til dømes kven som fortalde det, kvar, og kven dei hadde lært det frå. Desse innsamla eventyra får dermed eit meir munnleg og mindre formfullendt preg, men dei er meir tru til tradisjonen dei kom frå. Ein kan dermed bruka dei i forskingsarbeid der ein gjerne vil samanlikna nøyaktig ulike variantar av eventyr. I dag er ein eventyrsamlar gjerne ein antropolog eller ein folkorist.

EventyrsamlararEndra